Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (166)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (43)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (8)
-
Skitour (71)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (19)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Øyhopping: øyakollen
- Datum:
- 17.02.2022
Koronaen traff meg etter to år med forvetningsfull usikkerheit. Den kom som ein mild influensa. Og som kjent er småbarnsfaren den milde influensaens største offer. Men, eg sjølv om eg no hadde betalt med mine fire dagar i isolasjon, og gitt avkall både på pudderfest og nabolagsfest (der eg tilbaud å ta med ein av dei gamle ølbollane på bruket så resten av nabolaget også kunne bli ferdige med skiten før vinterferien), sat eg framleis og såg ut vindauget. Bygene som rulla inn fjorden var eit godt bilete for den indre tilstanden. Sjølv om det held hardt å kalle det long Covid så var eg i allefall ikkje heilt i slag på sjukdomens 7. dag. No hadde eg altså kvikna såpass til at ein heil dag innomhus var vanskelig å leve med. Men å vase rundt i fjellet med snøbyger og tørrhoste >>>
Same procedure på Beachen
- Datum:
- 24.01.2022
- Tourcharakter:
- Sportklettern
Utnytta dritværet saman med Kjartan til å teste om Beachen virkelig er regnsikker! Svaret er ja og nei. Teknisk sett er den regnsikker, men strengt tatt er det så fuktig at forholda i veggen kan beskrivast som lett nervøse. Men det går fint an å klatre altså. Berre ikkje kom med perseforventingar.
Eg er ein like dårlig sportsklatrar som tidligare (merkelig at eg ikkje blir bedre - uansett kor lite sport eg trenar?), men det er alltid eit slag i trynet kor dårlig pump eg faktisk har. Eg kom meg opp oppvarminga Whiskeykongen (6+) på andre forsøk, medan både det var ein fordel at ingen bevitna forsøka på Brillefin og Ny tid.
Men ei bra treningsøkt var det! Og enormt forbedringspotensialw!
Gjugra i godt selskap og superføre
- Datum:
- 29.12.2021
Teama opp med Kjartan, Henrik og Pål Uglefisk for skitur i dag. Det som i utgangspunktet var ein dag med litt lave forhåpningar til føret vart ein skikkelig knalldag. Rykta gikk om god snø på Høgenibba, så då drog vi dit. Skikkelig folkefest og overbelastning av mobilnettet og instagramservarane opp bakkane mot Høgenibba. Føret var det heller ingenting å seie på. To i følget hadde sjølvsagt baktankar om den raude nabonåla også, og då vi kom på toppen var dei to andre lette å be. Fint og lettgått mot Gjugra, som er ein mykje flottare topp på alle vis enn Høgenibba. Her grov vi ein snøprofil og diskuterte litt medan Pål lufta dronen sin litt. På Gjugra fikk vi heile Sunnmørsalpane i fleisen - bada i rosa desemberlys. Kvifor budde eg i byen igjen? Så dårlig hukommelse....