Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Molden

Datum:
27.05.2022
Entfernung:
9,0km

Himmelsprett-weekend med mål om å køyre etter været. Vi sette kursen mot Sogn, og lurt var det for her var det bedre vær enn lenger ute og nord. Der vi sat på Pizzabakaren i Sogndal kom eg på at Solvorn skulle være fint. Så vi enda opp på Eplet Camping. Kan anbefale både Solvorn og Eplet - som ligg på garden til ikkje ukjente Hans Vigdal. Og ja nettopp - rett ved garden låg det nokon store sva. Kan forklare både det eine og andre. Vel, dagen etter måtte vi på tur. Kona foreslo at ungane skulle få prøve seg på Molden - som stod levande beskrive i turbrosjyra på Eplet. Det skulle berre eit kjapt peakbook-søk til for å forstå at dette var ein svært god idé. Det var fint vær oppover bakkane frå Krossen, men det tok jo litt tid då for små bein. Etter ganske lenge kom vi >>>

Karte    

Gråhøe i Reinheimen

Datum:
22.05.2022
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
37,0km

Det tikka inn ei melding frå Kroksleiven laurdag om Gråhøe++ i Reinheimen med Ove og Gustav. Etter å ha lest mengder av turrapportar med denne gjengen var dette vanskelig å seie nei til. Så då var det avreise og god stemning søndag morgon 7:30 frå Stårheim. Med unntak av ein måltrost som fikk kjørt seg i takgrinda på veg til Stryn gikk køyreturen utan den store dramatikken. På Billingen var det berre å trakke seg oppover med skia på sekken før ein kunne ta dei på der det byrja å flate litt ut. Ove og Gustav byrja straks å snakke om alderdom, skader, dårlig form og tung tids tale, før dei langa innover dalføret i ei voldsom fart - ikledd det siste av skiteknologi: plast, karbon, kevlar, glaider og alt mogleg... Med denne farta tenkte vi at dette går jo vegen, men då vi >>>

Karte    

St.sunnivahornet

Datum:
20.05.2022
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
7,6km

Arnestadfjellet

Datum:
18.05.2022
Entfernung:
5,0km

Ein kjapp beinstrekk til Arnestadfjellet etter jobb. Fin tur i flott blandingsskog, med utsikt over Gloppefjorden og dei større nabofjella.

Karte    

16. mai på Eidskyrkja

Datum:
16.05.2022
Entfernung:
12,1km

Så kom eg meg endelig på Eidskyrkja. Til min forbauselse var det fleire på parkeringa ved avgang. Eg er jo vandt med å gå på fjell få andre går på, så dette var pussig. Tok på skia ved sætra, så var det berre å tråkle seg oppover. Då eg kom til breen skifta føret til knallhardt, og det var litt strabasiøst herifrå og opp til skaret, men det gikk ved å gå rett imot. På topplatået var det ein kald vind, og ved varden var det dunjakketemperatur. Full vinter og flott utsikt her oppe. Då eg kika ned breen aula det med folk. I alle dager, kva skal alle desse oppover her? Mystisk at alle skal opp akkurat denne oppoverbakken. Vel vel, det var berre å skrense seg nedatt på isen. Såg litt på Litle-Eidskyrkja, men hadde ikkje lyst opp der aleine. Middagshornet, derimot, såg ut >>>

Lundavarden

Datum:
09.05.2022
Entfernung:
7,2km

Barmark sesongstart på Lundavarden. Gikk overraskande radig - kanskje har all skikøyringa hatt noko for seg?

Karte    

Fountainflø

Datum:
09.05.2022
Tourcharakter:
Bouldern

Tur til Flø med Eskil for å teste buldreforma i det fine vårværet. Begge fekk karra seg opp nokon fine ruter. Vi fann også ein fin stein nede ved sjøen der vi laga nokon nye ruter som passar både for unge og vaksne nybyrjarar. Avslutta med softis. Ticks Helgegøy (6B), Mørkredd (6A+), Fountainflø (6A), Åpenbaring (6C+, øvde også litt på denne dagen før).

Karte    

Varbufjellet klatrefelt

Datum:
05.05.2022
Karte    

Holsegga og Sessegga vårski

Datum:
03.05.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
15,3km

Endelig vart det anledning til ein tur i det flotte området sør for Gloppefjorden! Startskotet frå Firda gikk 13, og deadline var oppmøte på Stårheim 18 då kona skulle på fritidsaktivitet med Eskil. Så her var det berre å peise på. Ekstra vekt vart sløyfa ved å gløyme matpakken. Kor mange toppar skulle ein klare å harve over? Hadde sikta meg ut Sessegga, med mulig bonustopp. Køyrde til Ryggjastøylen, tok skia på sekken og rusla avgårde. Etter ei stund kunne eg ta på skia og følge tilnerma samanhengande snø vidare. Her gikk det berre oppover. Litt travelt er det sjølvsagt når deadlinen ligg i bakhaudet, men det er berre å gå på. Etter time og kvarter var eg på Berdalsegga og såg mot Holsegga. Det måtte jo gå å få med den der på rimelig tid? Ja vi får prøve på >>>

Karte    

Stårheim ski

Datum:
25.04.2022
Entfernung:
9,6km

Opprinnelig plan var at Kjartan ville sjekke ut skikøyringa i Stårheimsdalen. Men eg slo frampå om at vi heller kunne bruke fineværet til å gå på Eidskyrkja. Då morgonen rann låg skodda i toppane - men ingen av oss ville avlyse kyrkjeturen. Heldigvis oppdaga Kjartan at fellane låg att heime når vi stod på parkeringa. Så då vart det tilbake til plan A. Vi hadde jo eigentlig tenkt å ta med oss ALLE toppane i Stårheimsdalen denne dagen (neida, jada, neida), men no var det jo allerede langt på dag, og eg skulle hente i barnehagen. Så då vart det Heimste B og Lundavarden. No var snøen så gjennomvarma at vi kunne køyre stort sett over alt (der det framleis var snø), så då vart det halfpipen ned frå Heimste, og brattlinja ned mot Orheimsbotnen. Dette vart nok siste turen i dalen >>>