Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lundavarden

Datum:
19.11.2023
Karte    

Videfossen høgre

Datum:
17.11.2023
Tourcharakter:
Eisklettern

Endelig isklatring! Etter ein usedvanlig kald og tørr november var eg over gjennomsnittlig spenna klar til isklatring. Juan hadde ikke prøvd før, og var gira! Turen gikk til Videfossen for å sjå om den kunne by på fin krægging for rustne sjeler. Etter litt nødvendig kontorarbeid (vatn og avløp i Måløy ordnar seg ikkje utan utstrakt telefonverksemd) kom vi oss avgarde opp svingane til Gamle Strynefjellsveg. Forholda låg an til å vere perfekte. 0 grader, ingen snø, tørt og fint, og masse is på veggane ikring oss. Det viste seg å stemme. Videfossen hadde bygd skikkelig solid. Fossen har to større isar: hovedløpet, som fører ein del vatn, og eit sideløp (høgrelinja) - ein bekk som frys fint til. Pluss ein del mindre greier som sig ned i juvet. Vi skulle prøve oss på høgrelinja.

Karte    

Sendaren

Datum:
12.11.2023

Karte    

Lundavarden

Datum:
10.11.2023
Karte    

Dunheia og blånibba

Datum:
08.11.2023
Entfernung:
11,6km

Fin joggetur etter jobb og før klatring med kidsa. Dette er sikkert ein prima tur på barmark eller ski. I dag var det joggesko og gjennomslag, noko som gav litt ekstra trim.

Karte    

Oppdrag skorgedalen

Datum:
05.11.2023

Dagens oppdrag for laget i 71 grader NordFjord var bestiging av fjellet Levandehornet i Sunnmørsalpane. Laget måtte stå tidlig opp, og det var avgang allereide klokka 8 frå Stårheim. Første delen av oppdraget var å køyre til bygda Vartdal i ein godt brukt Hiace. Det var lettare sagt enn gjort, for laget oppdaga raskt at vegane var underkjølte. Dei ville ikkje rekke ferga, og måtte bruke omvegen «Kviven». Her mista laget verdifull tid. Neste utfordring var navigering etter kart i Vartdal sentrum. Etter fleire grove feil med påfølgande villkøyring tok laget igjen noko tid med godt driv opp Årsetdalen. Laget tok sikte på å køyre heilt til den avmerka parkeringa på Busetra. Denne vegen var derimot sperra av ein bom. Slike intellektuelle gåter var deltakarane godt budde på, og >>>

Karte