Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Salen og Vardefjellet

Datum:
15.06.2022
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
10,0km
Karte    

Lundavarden

Datum:
11.06.2022
Karte    

Dyrenibba

Datum:
07.06.2022

Karte    

Ålfoten multisport 2022

Datum:
05.06.2022

Super campingtur til Førdsdalen i Ålfoten med kjekke folk! Litt blanda vær, men nok sol til at det var topp stemning. Fisking, sykling, buldring og litt ymse. Ungane var ivrige på buldringa, og vi gikk masse kjempefine ruter av ulik vanskegrad og høgd - heilt topp! Etter mykje om og men og nokon turar i kjellaren kom eg meg opp rissprosjektet eg oppdaga i fjord. Av mine finaste buldreopplevelsar - heilt rått! Devonrisset. Eg set 7A på dette sjølv om eg eigentlig ikkje heilt veit kva det bør stå i. Eg synest det var knallhardt, men risskompetansen er jo litt avgrensa. Uansett skikkelig fin rissklatring frå fingerlåsar til handjammar, overhengande med dårlige fottak. Fingrane kjennest ut som kjøtkaker i dag :-) Takk for turen

Bjørnavasseten

Datum:
31.05.2022
Entfernung:
10,5km
Karte    

Kvam - plommehagen

Datum:
28.05.2022
Tourcharakter:
Klettern

Nok ein dag på langweekend i Sogn. I dag ville vi (eg) sjekke ut klatringa på Kvam. Etter litt research var tipset at Plommehagen var plassen å ta med ungar. Alle fikk prøvd seg i tauet denne formiddagen. Eskil topptaua enkelt ein 3+, men det var litt skummelt å fire seg ned. Olina prøvde seg litt på samme trasseen, medan eg karra meg opp "På tur i skogen" 6- først på bolt, så med kilar etterpå. Så var alle svoltne, og det var på tide å ete og byrje turen over Sognefjellet, der vi gikk oss på tidenes rånefestival på Lom. Så då vart det campinghytte på "økocampen" litt lenger opp mot Skjåk. Øko i den betydning at det neppe kunne vorte nytta store ressursane i å bygge campingen. Enkle greier der altså. Takk for no Sogn!

Karte    

Molden

Datum:
27.05.2022
Entfernung:
9,0km

Himmelsprett-weekend med mål om å køyre etter været. Vi sette kursen mot Sogn, og lurt var det for her var det bedre vær enn lenger ute og nord. Der vi sat på Pizzabakaren i Sogndal kom eg på at Solvorn skulle være fint. Så vi enda opp på Eplet Camping. Kan anbefale både Solvorn og Eplet - som ligg på garden til ikkje ukjente Hans Vigdal. Og ja nettopp - rett ved garden låg det nokon store sva. Kan forklare både det eine og andre. Vel, dagen etter måtte vi på tur. Kona foreslo at ungane skulle få prøve seg på Molden - som stod levande beskrive i turbrosjyra på Eplet. Det skulle berre eit kjapt peakbook-søk til for å forstå at dette var ein svært god idé. Det var fint vær oppover bakkane frå Krossen, men det tok jo litt tid då for små bein. Etter ganske lenge kom vi >>>

Karte    

Gråhøe i Reinheimen

Datum:
22.05.2022
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
37,0km

Det tikka inn ei melding frå Kroksleiven laurdag om Gråhøe++ i Reinheimen med Ove og Gustav. Etter å ha lest mengder av turrapportar med denne gjengen var dette vanskelig å seie nei til. Så då var det avreise og god stemning søndag morgon 7:30 frå Stårheim. Med unntak av ein måltrost som fikk kjørt seg i takgrinda på veg til Stryn gikk køyreturen utan den store dramatikken. På Billingen var det berre å trakke seg oppover med skia på sekken før ein kunne ta dei på der det byrja å flate litt ut. Ove og Gustav byrja straks å snakke om alderdom, skader, dårlig form og tung tids tale, før dei langa innover dalføret i ei voldsom fart - ikledd det siste av skiteknologi: plast, karbon, kevlar, glaider og alt mogleg... Med denne farta tenkte vi at dette går jo vegen, men då vi >>>

Karte    

St.sunnivahornet

Datum:
20.05.2022
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
7,6km

Arnestadfjellet

Datum:
18.05.2022
Entfernung:
5,0km

Ein kjapp beinstrekk til Arnestadfjellet etter jobb. Fin tur i flott blandingsskog, med utsikt over Gloppefjorden og dei større nabofjella.

Karte