Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Dalegubben og Andreas-festival

Datum:
20.08.2022
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
4:30h
Entfernung:
9,0km

Helg på Sæbø med 40årsfeiring av vår gamle venn Andreas. Han hadde samla masse folk frå back in the days in Bergen til det som til alt overmål skulle bli ei finværshelg! Då kona var gira på fjelltur var eg rask med å drage fram Dalegubben som eit framifrå alternativ. God sti, flott utsikt, enklare enn Slogen, og primærfaktor på over 900m - nok av gode argument her altså! Vi kom oss avgårde frå Pålgarden på Riise ca 11, og etter ein pitstop på Joker var vi på beina 1120. Først opp eit hogstfelt der nokon hadde gått amok med motorsaga og laga ein slags lokal skulpturpark, deretter litt bjørkeskog før vi var oppe i Skodalen. Herifrå gikk det berre ein veg, og vi var på toppen etter ca 2,5 timar. Utsikta var til å ta og føle på, og både eg og kona var svært nøgde! >>>

Karte    

Svartekari

Datum:
16.08.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
10,4km

I dag var det meldt regn og atter regn, så då var planen oppstart på jobb på Firda på formiddagen, så bruke dagen til å lage årsplan for undervisninga, før brattkortprøve med Lise, Maaike og Vigdis i hallen på ettermiddagen. Men har du sett - her klarna det fint opp. Ikkje kvardagskost denne sommaren. Sidan eg tilfeldigvis hadde med turkleder måtte dette sjeldne værvindauget utnyttast! Eg køyrde opp Jardalsvegen, parkerte og la vegen mot Svartekari. Veldig fint tilrettelagt sti inn til den flotte Mardalsstøylen, så god T-sti heile vegen til topps. Meget fin tur. Flott terreng i veldig fine omgivnadar. Slo til med sokalla "underskya" vær. Anbefalast som nærtur kring Sandane - eit mykje bedre alternativ enn til dømes Ryssdalshornet, som er mykje trask på grusveg. Flott >>>

Karte    

Gryta

Datum:
09.08.2022

Først ei helg med magasjau, så overnatting på Alex med diverse motiverande øvingar før skulestart på Firda. Dette er inga stor oppkøyring til prestasjonar i fjellet. Men eg klarte å kome meg både opp og ned Gryta. Fin utsikt på toppen. Lett å sjå at det er kjekt å gå på fjellet i Stryn.

Karte    

Lundavard-ish

Datum:
04.08.2022

Familietur i dritværet. Heile gjengen + farfar med til Botnen, der vi koka kaffi i selet. Masse blåbær opp gjennom her. Olina og Mari snudde medan eg, Eskil og Farfar gikk vidare. Bra med molter opp bakkane mot heidagarden, men mange var ikkje modne. Farfar snudde ved heidagarden medan Eskil overtalte meg til å ta turen om varden. Kan ikkje seie nei til slikt. Rikelig med moltekart opp her også. Såg sauder og høyrde drone. Bra trøkk i Yksnelvane. Sleipt som pesten nedatt. Brukte heile dagen på dette opplegget her. Mari hadde laga bacalao heime. Ein grå dag som vart ein lang og fin dag ute.

Karte    

Fisketjernnuten

Datum:
31.07.2022

Planen i dag var Bitihorn for Eskil og Mari, før turen gjekk heim til Nordfjord. Men med skodda langt ned i toppane gjekk vi for plan B - fisktjernnuten. Her kunne alle kome seg opp. God stemning! Koselig tur med flott utsikt både hit og dit.

Karte    

Bitihorn

Datum:
30.07.2022

Kveldstur til denne lokale klassikaren. Fin utsikt!

Karte    

Veslesanget,

Datum:
17.07.2022

Beinstrekk ved overnatting i Ål på veg til austlandsferie. Fint turterreng!

Karte    

Hjørudneshornet

Datum:
13.07.2022

Dårlig form og dårlig vær. Passelig dag for ein dårlig topp. Vått i terrenget, tryna i eit gjerde på vei ned. Ein av dei turane der altså. Men Hareid Pf 100 er endelig i boks. Psykisk hardt :-P

Karte    

Hasundhornet

Datum:
13.07.2022

Karte    

Klatrekurs i Uskedalen

Datum:
27.06.2022
Tourcharakter:
Alpinklettern

Denne veka var det duka for praksis på DNT Fjellsportgruppa i Bergen sitt Grunnkurs i fjellklatring . Opplegget med kurset, som gikk over 6 dagar, var at deltakarar utan klatreerfaring skulle få ein kickstart i leding på eigne sikringar over fleire taulengder. Eit tilsvarane kurs har blitt beskrive her Det var oppmøte i downtown Uskedalen mandag, der eg møtte dei 9 deltakarane. Vi var tre instruktørar og 2 praktikantar, så her skulle det bli god oppfølging! Væreldingane var ganske gode for starten av veka og vart berre bedre og bedre ettersom dagane gikk. Etter litt handling gikk vi opp til basecamp i Eikedalen, der vi skulle vere eit par dagar. Eg hadde tatt med det store og xtremt solide familieteltet grunna frykt for vind. I tillegg hadde eg byrja på ei god bok rett før kurset - som også var ganske tjukk. >>>

Karte