Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

GPS-safari på Brattfonnhøa

Datum:
30.08.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
24,4km

Fin tur på Brattfonnhøa og omegn. Været var litt blanda, og det vart litt GPS-trening i skoddeheimen. Mange går desse på ski, men det er jo også veldig fint fotturterreng!

Karte    

Harbakhelg

Datum:
09.08.2020
Tourcharakter:
Bouldern

Etter all springinga rundt i myr og lyng er det på tide å bli litt sterk igjen. Eg har eit litt ambivalent forhold til buldring: på den eine sida tar det så innmari mykje tid og innsats å bli bedre, og difor mister eg litt piffen av og til. På den andre sida er det den absolutt enklaste klatreforma å drive med, og når ein ikkje har allverdens tid så er det gull! Og når ein då er i form er det jo driiitgøy. Og så har ein jo faktisk noko av verdens beste (ja faktisk) buldring på Fosen også då. Denne helga opna det seg ein todager, og eg tok med teltet til Harbak laurdag. Det vart støting på Scum of the Slum (7A+) i hula sidan det regna, og eg sleit meg ganske godt ut. Det var nære, men eg kom som vanlig ikkje heilt i mål. Det er hardt på Harbak - alltid hardt. Deretter tok >>>

Karte    

Linesøya

Datum:
08.08.2020
Tourcharakter:
Jogging
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
12,0km

Tur på Linesøya for litt sightseeing og toppsanking, og for eit avbrekk i buldringa på Harbak. Eg tenkte å ta alle toppane med start ved medisinutsalet, men rota meg litt vekk i det mildt sagt kuperte terrenget. Rota meg ned nordsida av Tindan, fann ikkje vegen opp på Stemmafjellet, og enda opp langt på nord-sida, før eg gav opp, og gikk meg på stien på austsida på veg tilbake. Så køyrde eg til hyttefeltet på vestsida av Linesfjellet, og gikk raskt opp og ned der. Når det er sagt: både Linesfjellet og Stemmafjellet var fine turar, men særlig stien opp Stemmafjellet var artig. Spennande landskap og flott utsikt frå toppane over skjærgården, med Froan og Halten i det fjerne. Diverre ingen bilder då det var nesten tomt for batteri på telefonen.

Karte    

Dei 4 store i Bymarka, med start på Nyborg

Datum:
02.08.2020
Tourcharakter:
Jogging
Tourlänge:
4:30h
Entfernung:
30,2km

Langtur i Bymarka for å teste forma. Nydelig vær og mykje folk ute. Utfordrande på slike langturar og klare å holde intensiteten nede. Pulsen går raskt opp i motbakken, og då går ein raskt på seg krampe og skit. Slapp heldigvis det denne gongen Stort sett veldig fine stiar, bortsett frå litt myr opp og ned Herbernsheia. Bomma litt på nedfarta her, for å få litt eventyr som han seier han Kilian. Var taktisk og la den enklaste delen til slutt så eg skulle unngå trynings grunna slitne bein. Anbefalast for alle som har sånn sekk! Meir og meir dogg på linsa..

Karte    

Geitfjellet meisesafari

Datum:
01.08.2020
Karte