Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Nausdalskamchenjunga

Datum:
01.08.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,2km

Familieutflukt til Nausdalskamben med tre generasjonar Starheim. Vi var interesserte i å sjå den nye dagsturhytta som er bygd på toppen. Nydelig vær i dag, eit par-og-tjue og overskya. Eskil hadde los for toppen og gikk heile vegen så nær som dei første par hundre metera. Underteikna hadde vore litt skeptisk til vitsen med å bygge ei hytte på Nausdalskamben, men den var skikkelig fin. Vi sat ei stund og kika på fjell ut vindauget, og i bøker frå det rikholdige utvalet; åt kjeks og nøttemiks. Så sprang vi nedatt. Vil faktisk seie at dette løfta Nausdalskamben som turmål eit par hakk! Eg tok ingen bilete av hytta, så den får de sjå føre dykk i dykkar indre. Men fantasien gir jo ofte dei flottaste bileta, seiast det.

Karte