Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Smørskredtindane - sunnmørsalpane sin indrefilet

Datum:
30.07.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:00h
Entfernung:
12,0km

I desse travle tider med reproduksjon og greier er tindelivet mitt under eit visst press. Men, eg og Kroksleiven har likevel som mål og få gjennomført minst ein fellestur kvar sommar. Det er mange krav ute og går: toppen bør vere innan rimelig køyredistanse, helst vere ein topp Kroksleiven ikkje har bestige før, og inneha kvalitetar som billedskjønn, fin utsikt, spennande tur, og sexy primærfaktor. Når utgangspunktet er Norfjord, så er det faktisk framleis mykje og ta av! Årets mål vart allereide utpeikt i fjord sommar: Smørskredtindane. Ein kan seie mykje om Smørskredtindane, men det viktigaste er omtrent dette: då eg i startgropa av mi tindekarriere nådde toppunktet på Slogen i 2007, såg eg rett på Smørskredtindane. Det første eg tenkte var: “Kvifor er eg her og ikkje >>>

Lundavarden t/r

Datum:
28.07.2018
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
7,5km

53min opp, ca 25 min ned. Varmt i skogen på årets varmaste dag, men vind og strålande utsikt på toppen i blåtimen. Havet i vest og Jostedalsbreen i aust. Fantastiske bremangerfjell i sør. Yolo

Karte    

Brørene

Datum:
23.07.2018
Tourcharakter:
Jogging
Karte    

Generalprøvejogg Nyborg

Datum:
19.07.2018
Tourlänge:
1:15h
Entfernung:
9,8km

Geitfjellet

Datum:
14.07.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
4,0km

Tur til Trondheim sin versjon av Geita - litt mindre prangande enn sin artsfrende i nord, men utfordrande på sitt vis. Eskil gikk nesten heile vegen opp, og sov nesten heile vegen ned. Olina sov både opp og ned, medan Kona gikk både opp og ned.

Karte    

Geitfjellet kveldsjogg

Datum:
11.07.2018
Tourlänge:
1:16h
Entfernung:
9,0km
Karte    

Kongshåmmåren jogg

Datum:
07.07.2018
Karte    

Surnadalsk dobbel del 2: Strengen

Datum:
05.07.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:29h
Entfernung:
7,1km

Etter Honnstadknyken såg eg mitt snitt til å snike inn ein bonus pf>500, nemlig Strengen. Det skulle vere overkomelig innan barnehagen stengde og barnevernet banka på døra. Parkerte litt feil og fekk meg nokon ekstra høgdemeter. Deretter sti gjennom hogstfelt, skogsvegar og litt diverse. Kjende godt at det var dagens andre, og her var det jamn stigning. Vi fikk berre gi på. Varmt som pesten, men høgdemetera kom i det minste fort. På toppen var det nok ei fantastisk utsikt over Trollheimen, Innerdal-, Sunndal- og Romsdalsfjell. Særlig Innerdalsfjella bli eg ikkje mett på - frittståande og mektige! Særlig artig med Skarfjell der eg klatra sørøsthjørnet i fjord. Kjapt nedatt medan eg prøvde og holde krampa på avstand. Den kom i fullt monn då eg svinga av til Coopen på Rindalsskogen. >>>

Surnadalsk dobbel del1: Honnstadknyken

Datum:
05.07.2018
Tourcharakter:
Spaziergang
Tourlänge:
1:52h
Entfernung:
11,3km

Finværsdag og akademisk fridom = fjelltur! Kva kremtoppar er innan rekkevidde mellom levering og henting i barnehagen? Honnstadknyken kunne passe. Trollheimen sin stolte hjørnestein i nordvest. Fin topp, ikkje så omfattande, pirrande PF og 2 timar køyring. Einaste trekket er at det berre ville gi ei raud nål på denne dagen. Dette er jo så viktig som ein gjer det sjølv, men etter å ha sett resultatet av finværsperioden i det siste på peaker´n var eg svolten. Leverte i barnisen, og la i veg gjennom Trøndelags vått-kledde landskap og over til Surnadalen. I gang klokka 10. Fin sti og fint utsyn over kjende og flotte trollheim-fjell! Men det var varmt, gitt! På toppen etter 1t10min. Kjendest bra. Såg litt på klokka, og over på Strengen. Hm. Kanskje? La i veg ned bakkane, fin løpesti! >>>

Karte