Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (163)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (43)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (8)
-
Skitour (71)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (19)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Puss puss puss - nyruting på Spranget
- Datum:
- 20.06.2018
- Tourcharakter:
- Klettern
I dag hadde eg tenkt å avspasere for litt friluftsliv, og sidan det var ruskete vær på fjellet tok eg med stålbørste, sag og brekkjern for å pusse fram nokon nye klatrelinjer på Spranget. Eg byrja på ei fin risslinje til venstre for dei vi pussa i haust. Koselig i veggen, og det vart ei fin og velsikra rute som klokka inn på kanskje 5+ eller 6-. Ser fram til å lede denne!
Eg sjekka også ut eit fint dieder på veggen under utkikksplattformen. Denne veggen er ikkje så rein som den andre. Diederet klatra veldig fint, men litt vanskeligare å sikre enn eg hadde håpa, og ingen openbar standplass på toppen. Vi får sjå kva som kjem ut av det.
I alle fall, no har vi 5 rissruter av finfin kvalitet rett i nærleiken av byen, og det er meir å ta av for den som gidd og pusse :-)
Tilbake til >>>
Lufting av familyen på Geitfjellet
- Datum:
- 16.06.2018
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 4,0km
Storheia jogg
- Datum:
- 09.06.2018
- Tourlänge:
- 1:31h
- Entfernung:
- 10,2km
Nydelig kveld i bymarka. Lite tid til store utflukter for tida, så deilig å få springe litt av seg. Fantastisk utsikt over Tydalsfjella, Trollheimen og ytre Trøndelagen. Fann endatil eit potensielt nytt buldrefelt.
Byfjellenes høyeste punkt
- Datum:
- 05.06.2018
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:30h
- Entfernung:
- 11,0km
Dei kjedligaste toppane er jo dei ein trur ein har vore på, men som det viser seg at ein ikkje har vore på allikavel. Eg har gått vidden fleire gonger, og då har eg rekna med at stien går via Byfjellenes høyeste punkt. Men med nærstudering av kartet har det snike seg inn ein mistanke om at dette ikkje er tilfelle.
Denne tirsdagen var eg på kurs på Haukeland, og sidan det slappe kursopplegget la inn åra halv 12 på formiddagen, var det berre å spenne på seg skoa og legge avgårde opp bakkane mot Ulriken.
Eit fantastisk vær gjorde dette til ein fornøyelse, og få ting slår utsikta over Bergen By frå Ulriken på ein finværsdag. 40 min frå starten av kabelbana til masta.
Så var det trakking vidare innover Vidden. Eg hadde ikkje smurt meg med solkrem, så eg følte meg som ein sommarkotelett >>>
Lufting av familien på Elgsethytta
- Datum:
- 26.05.2018
- Tourcharakter:
- Spaziergang
- Entfernung:
- 8,0km
Geitfjellet med Eskil
- Datum:
- 18.05.2018
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Tourlänge:
- 2:00h
- Entfernung:
- 3,6km
Travle dagar i mai, med nytt familiemedlem, forbreiing til flytting til nytt husvære og salg av leiligheit etc etc. Ikkje rart det kan gå litt varmt heime i leiligheita. Då er det godt å kome seg ut, både for PappaPakkhest og Storebror. Ikkje minst når det er full sommar i mai!
Turen denne formiddagen gikk frå Lavollen til Geitfjellet. Eskil sat i meisen til det var eit par hundre meter att, før han fekk teste beina. Og det gikk så det kosta etter, over myr og mo, endatil opp bratta mot toppen. Veldig flink og stolt gut som klatra opp siste svaa til topps!
Her vart det vel fortent sjokomelk og nyting av utsikta. To ungdomar kom halsande i stort tempo, og hadde tatt seg så ut at dei vart liggande rett ut. Dette vart sjølvsagt kommentert i undrande ordelag.
Deretter gikk vi nedatt. Eg >>>
Lrkndl-Kbrdmn-Gtfjlt
- Datum:
- 04.05.2018
- Tourcharakter:
- Jogging
- Tourlänge:
- 1:58h
- Entfernung:
- 17,2km