Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Ruten

Datum:
28.12.2017
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:00h
Entfernung:
10,5km

Eg og Andreas køyrde til Ruten i tru på at den var dekka av pudder. Det var den aldeles ikkje - stor sett heile saken var dekt av hard eller vindpåverka snø - med unntak av den fine skogskøyringa på slutten. På parkeringa var det 13 blå og kaldt som pesten ved avmarsj. Men utsikta på Ruten - den kan ingen krangle på! Fin fjelltur på fint fjell med avgrensa skiverdi.

Karte    

Snuoperasjon på Sandhornet

Datum:
26.12.2017
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
7,0km

Juleferien på Sunnmøre nerma seg slutten, og det byrja å haste om det skulle bli noko skikkelig fjelltur. Meldingane var så-som-så, men optimist som ein er må ein jo alltids prøve seg. Eg og Olav peika oss ut Sandhornet - ein skredsikker og moderat Ørsta-topp, som turmål. Kroksleiven betakka seg, og henviste til meldingar om snøfokk. Framsynt han der Kroksleiven. Det bles friskt før vi dukka ned i Eiksundtunellen, men på andre sida var det meget bedre. Vegen opp til parkerina var ikkje brøyta, så vi parkerte ved Brekke og traska på skia oppover grusvegen. Eg var ikkje sikker på kvar vinteroppfarten gikk, så vi enda opp med å følge stien mot Nakken. Her var det skibæring på oppmurte trapper gjennom granplantefelta - fin sti, men vinterveg var det ikkje. På Brekkesætra vart >>>

Karte    

Huldrehornet - grunnmurlista

Datum:
25.12.2017

Det er nokre toppar som kanskje vert oversett mellom store bragder her på peakern, men som like vel dannar grunnmuren i fjellnerdinga til dette nettsamfunnet. Dei finnast ikkje på fancy lister, og dei får sjeldan store og svære turrapportar (bortsett frå nokre av dei som har svært skrivekløe). Dei står for ein stor prosentandel av høgdemetera her på peakern. Huldrehornet er ein av desse. Andre eksempel er: Lotsbergnibba, Eikåsnipa, Nihusen, Våttakammen, Skjørstadhovden. Ja, vi snakkar sjølvsagt om den kvardagslige treningstoppen. Og Huldrehornet er heimetoppen til Arnt Flatmo. Difor er den også svært enkel og bestige, med skilting etter alle kunstens reglar, stikker, merking og svært gode stiar. Treningstoppen treng si eiga liste, tenker eg. Grunnmurlista.

Mosvarden julejogg

Datum:
24.12.2017
Tourcharakter:
Jogging

Karte    

Roppehornet frå Gåsneset

Datum:
22.12.2017

Karte    

På slep opp Øysandpillaren

Datum:
17.12.2017
Tourcharakter:
Eisklettern

Sidan isen gror i Trondheimsområdet tenkte vi at det ikkje var nødvendig å køyre 2,5 timar for å klatre i dag. Den lokale klassikaren og testpiecen Øysandpillaren (WI5) var inne, og vi var 4 i bilen på veg til den lokale indrefiléten: Mats, Ole Kristian og Knut. Etter ein stopp på CirkleK Sandmoen for det aller mest nødvendige, var vi klare på parkeringa ved lysets frembrudd (9:30). Etter litt buskbryting var vi klar under isen - det såg heftig ut. Eg hadde i mitt stille sinn tenkt at kanskje eg kunne bryne meg på cruxlengda, men dette sinnet vart stillare og stillare. Eg tok uansett føstelengda, som først gjekk opp ei fin renne, før det var opptaksvis bratt på store formasjonar. Skikkelig smøris, artig! Sette standplass i ei busk på hylla til venstre under bratta og tok opp >>>

Joikatreff på Tromsøis

Datum:
13.12.2017
Tourcharakter:
Eisklettern
Tourlänge:
3:00h

Jobbtur til Tromsø i mørketida, og då må ei jo sjølvsagt nytte høvet til å kome seg ut. Etter litt sondering i venners venner fekk eg tak i rogalandsalpinist, kronikør og storveggsklatrar Leiv Aspelund, som nylig har gjort nordlending av seg. Han viste fram det lokale iscragget, eit steinbrot opp mot skianlegget. Det vart ei hyggelig affære i mørke og snøvær, der eg først leda opp hovedflowen, ca 25 m WI4, satte alle skruane, og steinslo det nye mixbladet mitt skikkelig. Godt å få banka rusten av ledepsyken igjen. Etter det vart det topptauturning på tappar og gardiner. På topptau er vi alle mesterklatrerar på is - sidan det er 95% psyke og 1% styrke. Leiv imponerte stort med sin medbrakte lyskastar. Cruxet for dagen var å finne att sakene under snøen som lava ned. Takk for >>>

Karte    

Motbakketrening på Vassfjellet

Datum:
07.12.2017
Tourlänge:
1:00h
Entfernung:
4,7km

Treningstur med rando opp heistraseen på Vassfjellet. Månelyst og mildt. Blåste friskt på topplatået, så eg tok ikkje turen oppom sjølve toppen sidan eg var aleine i mørket. Gjennomslagsføre på toppen, men lenger nede var det smooth og slushigt. Låra vart surare nedover enn oppover.

Karte    

Dr. Fugl og Duff Man - Nestvollan

Datum:
02.12.2017
Tourcharakter:
Eisklettern
Tourlänge:
4:00h

Iscragging i Drivdalen. Mats var gira på å gå Dr. Fugl (M5 WI5). Han tok seg av all den harde ledinga. Eg og Arve tok all den harde topptauinga. Vi lurte også inn Duff Man (WI5) før mørket kom.