Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Pulktur til Elgsethytta

Datum:
26.03.2017
Tourcharakter:
Skitour
Karte    

Endelig Sunndalsis: Vårløysinga WI4 250m

Datum:
12.03.2017
Tourcharakter:
Alpinklettern
Tourlänge:
11:00h

Isklatreføraren for Oppdal og Sunndal har lenge vore vel utslitt heime hjå oss - ikkje fordi eg har klatra så mange av rutene i den, men fordi eg har lest og drøymt så mykje om Sunndalen. Oppdal er fint, men Sunndalen er Go Large! Spenninga var difor stor når eg denne helga fekk med meg Pål Christian på klatrehelg til Nordmøre! Då vi køyrde gjennom dalen vart det klart at Sunndalen ikkje berre er Go Large - det er GO LARGE!!! Eg har ikkje vore her sidan eg byrja å klatre is, men dette er jo som to Yosemite stabla på toppen av kvarandre! Den ferske kuldeperioden hadde ført til isdanning over alt, men vårsola hadde stort sett tatt knekken på alt solvendt, og kraftig påverka det som låg i skuggen. Så då vi køyrde gjennom Dalen søndag morgon trudde eg eigentlig vi kom til å >>>

Knallvær på Åbittinden

Datum:
11.03.2017
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
5:00h

Turhelg til Nordmøre for alpine aktivitetar! Vi hadde alpin start frå Trondheim med mål om Åbittind-Trolltind-traversen, som hadde blitt beskrive med svært smektande rapportar her på peaker'n. Været overgikk seg sjølv, og det såg ut som heile midtnoreg hadde samla seg på parkeringa. Dei aller fleste skulle på Trolltinden, men sannelig var det også ein gjeng som gikk mot naboen - mellom anna 4 som også skulle gå traversen. Pål Christian hadde satsa på fjellski med kortfellar, og kortfellane sat hverken fast i snøen eller i skia. Men han er ikkje ein type som gir opp av den grunn, og fikk tidenes full-body-workout opp bakkane. Det gikk faktisk ganske radig, og vi havna kjapt bak ein gjeng som var svært svært omstendelige med HMS-arbeidet opp dei ikkje alt for bratte bakkane.

Karte    

Folketomt silkeføre på Vassfjellet

Datum:
04.03.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
3:30h
Entfernung:
20,0km

Vassfjellet er det høgastliggande bynære fjellområdet i Trondhjæm's umiddelbare nærleik. I dag rusla eg på fjellskia over pudder og italiensk marengs Mary Berry verdig. Likevel var det omtrent folketomt. Milde måne kor vakkert dette var! Dette må vere noko av det finaste ein kan gå på fjellski kring byen. Bortsett frå alpinistane på skitrekket traff eg berre ein person oppe på fjellet, og det var ei dame frå Sunnmøre. Trønderen er kanskje så interessert i skigåing at dei sit inne og ser på at andre går på ski?

Karte