Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (6)
- Expedition (2)
- Fischen (1)
- Andere Wintertour (1)
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (4)
- Autotour (4)
-
Fußtour (211)
- Bergtour (47)
- Hochtour (6)
- Jogging (107)
- Spaziergang (22)
- Wanderung (20)
-
Klettern (163)
- Alpinklettern (27)
- Bouldern (25)
- Eisklettern (43)
- Mixed-Klettern (7)
- Sportklettern (8)
-
Skitour (71)
- Langlauf (2)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (19)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Myr, glede og kultursti: Sjåvidthøgda og Jervfjellet
- Datum:
- 11.06.2017
- Tourcharakter:
- Jogging
- Tourlänge:
- 2:34h
- Entfernung:
- 14,5km
Det har sitte litt langt inne og jobbe på Trondheim pf>100-lista då iveren etter skogkledde våttar har vore så-som-så. Etter å ha lest diverse turrapportar som ikkje akkurat har hylla Sjåvidthøgda opp i skyene har den heller ikkje vorte prioritert. Men, denne søndagskvelden tok brakkesjuka overhand, og litt lei av bymarka tenkte eg at ein kombi med Jervfjellet kunen vere fint.
Nydelig sommarvær i Trøndelagen denne kvelden, og etter studie av kartet parkerte eg ved Jervlandet og jogga skogsvegen langs Trøbekken til endes. Full fuglesang og nydelig lukt i skogen etter varmt sommarregn. Eg tok så til høgre ein sti mot vest, før eg braut rett av over lyng og hei meir eller mindre i rett linje mot Sjåvidthøgda. Litt torvklyving her og der, og eg passerte også nokon stiar som >>>
Ein hemmelig stad i bymarka
- Datum:
- 06.06.2017
- Tourcharakter:
- Bouldern
Det er framleis ukjente klatredestinasjonar i bymarka.
Jungeltelegrafen er innfløkt - berre etter fleire års lytting kan ein kome steget vidare
Frå dei etablerte førarane, via obskure nettførarar, til tåkelagte google-maps-bilete
Nye bulder på god stein i bakgården til landets tredje største by
Berre besøkt av
- uteliggerar (alle steinar av ein viss størrelse i bymarka har nokon budd under)
- skogsmaur, enorme mengder, det osar maursyre frå pad'en
- 90talsklatrerar som sandbagga enkeltmoves-ruter i bymarka tilbake i hine hårde
men som ellers oppdaga huler som no frekventerast av svært mykje større storleikar i Flatanger
og stod ned snørenner som tilogmed i Romsdalen vert rekna som anstendige
det var over 20 grader
myggen beit godt
myr over alt
tett fureskog
steinen var gøymt bak kratt >>>
Bæremeistur til Geitfjellet
- Datum:
- 05.06.2017
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 2:20h
- Entfernung:
- 6,4km
Den Midt-Norske Geitfjellekspedisjonen 2017. Nokre i ekspedisjonsteamet har lagt på seg sidan sist ekspedisjon. Kanskje begge, men særlig ein. På toppen var det tjukt av syd-trønderar, tross den kalde trekken.
Snillfjord-søndag
- Datum:
- 04.06.2017
- Tourcharakter:
- Klettern
Endelig tur til det hardaste kileklatrefeltet i midt-noreg. Eg og palchsa (Pål Christian Sandtrø) hang oss på to av Midt-Noregs skarpaste kileklatrerar. Medan dei hang i kvar sitt statiske tau og klogga på dritharde mooves, prøvde eg og PC oss på nokon av dei få "enkle" rutene der.
Først prøvde eg meg opp ein søkkblaut "Diedret" (5). Denne kjendest så overgrodd og blaut at eg backa av etter nokon meter. Byrja å tvile på gradene på denne plassen - blaut 5'ar klatring skal jo ikkje vere umogleg.
Så sende Mats oss i retning av Aida, som er 6- til første anker, med ei forlenging på 7 (minus i følge skarpklatrarane). Ruta byrjar med litt treklatring før ein går over til skikkelig granitt-jamming eit par meter, før meir opptaksvis vidare. Stivt nok med bratt jamming synest eg. Gikk fint, men >>>
Romsdalssamlinga 2017
- Datum:
- 25.05.2017
- Tourcharakter:
- Andere Tour
- Entfernung:
- 7,0km
Det er vår, langhelg, og på tide med det som nesten har blitt ein tradisjon, nemlig Romsdalssamling! Vi ymtar frampå om at Åndalsnes er Noregs Chamonix - Åndalsnix altså. Hehe.
Eg har masa om pilegrimsferden heile vinteren, men det var ikkje før våre venners venner som vi var på Gjevilvasshytta med i vinterferien tok affære at det vart kjøt på dei luftige tankane. Vi var fire familiar med stort og smått som booka oss inn på Mjelva camping.
Kona skulle jobbe Fredagen, så Eskil bestilte togbilettar nedover torsdags morgen.
Torsdag
Svært lavt skydekke over Åndalsnix. Ein noko utfordrande start.
Fredag
Dritværet fortsette, og det var tendensar til brakkesjuke i campinghytta. Pow-wow mellom dei voksne. Intens studering av Yr, er det eit solgløtt på ettermiddagen? Kanskje, spørs korleis >>>
Sportsklatring på Hell: Kaninartikler (7) mm.
- Datum:
- 14.05.2017
- Tourcharakter:
- Sportklettern
Det er ikkje så ofte vi driv og klippar boltar her i familien. Men skal ein bli seig så må det til. Og tross alt: buldringa kring T-town er ikkje all verden, men sportsklatringa på Hell er jo faktisk ganske bra. Eg og Kona avleverte jr. på hytta til Svigers, og sette snuten mot Hell i fantastisk vårvær. Der gikk vi først nokon moderate saker, før eg prøvde meg på Kaninartikler (7). Sidan eg har klatra så innmari lite sport har eg faktisk ikkje klatra 7 før. Det gikk heller ikkje no. Etter eit par forsøk vart det berre verre og verre. Så overraska Kona med å sende tre firerruter på rappen på led: Edderkoppen, Pompel og Pilt. Ho såg avslappa ut og greier. Medan vi pakka tenkte eg at eg kunne jo gi Kaninartikler eit støt til. Vi hadde tatt ned slyngene, men eg kunne jo øve inn >>>
Baklidammen-Geitfjellet-Stadsheia-Gråkallen
- Datum:
- 13.05.2017
- Tourlänge:
- 2:15h
- Entfernung:
- 16,0km
Jau ja, endelig ein mild dag. Jammen kom man seg ikkje ut i dag også, og sannelig gikk ikkje barisalarmen også. Nydelig i fjellet og vårstemning. Såg ein orrhane og greier. Men kneet mitt murrar litt i nedoverbakkane. Det likar vi ikkje så godt.
Harbaktur med kid'n
- Datum:
- 06.05.2017
- Tourcharakter:
- Bouldern
Kona stakk til San Fransisco på konferanse. Eskil sa at vi kunne jo ikkje berre sitte heime og sjå på kvarandre heller, så med det fine været leigde vi oss rorbu på Harbak frå fredag til søndag. Her skulle sporty Pappa avslappa som han er ta med kid'n på tur til Fosens buldre-og-kystparadis.
Eskil vart pakka i bilen i sovande tilstand fredag kveld, og det var grei skuring til Harbak.
Dagen etter var det diverre skodde og duskregn over heile linja, med ein kald og sur vind. Etter ein god del utforsking av innsida av rorbua, ein tur på butikken, etc etc. så tok vi oss ein tur på buldrefeltet. I hellaren skulle det i det minste vere tørt.
Litt surt her også, diverre. Men det er jo verdens største leikekasse av inntørka saudeskit, så det vart tatt godt opp. Etter litt mat sovna sonen, >>>