Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Heksedans (5+ 3tl) Størenhammaren

Datum:
17.04.2016
Tourcharakter:
Klettern
Tourlänge:
2:00h
Karte    

Blyberget

Datum:
16.04.2016
Tourcharakter:
Jogging
Tourlänge:
1:00h
Karte    

Gråkallen

Datum:
15.04.2016

Etter gårdsdagens svært kontroversielle bestigning av Våttån våga eg og Eskil oss på tur også i dag. Det var på tide å få guten over tregrensa. Er Storheia Trondheim's Mont Blanch så er Gråkallen Matterhorn. Turen gjekk til Trondheims Matterhorn. Ingen lang tur skal seiast. Rusa over merksemda i frå gårsdagens turrapport lurte eg på om eg skulle køyre heilt til topps. Men eg vil ikkje framstå som useriøs heller her på Peaker'n, så vi gikk frå skihytta. Vi rusla oppover vegen, tok stien mot Gråkallen Panorama, og toppa ut til fin utsikt. Dette var tydeligvis likare enn gårsdagens skogsvandring, for her tok junior seg tid til å nyte utsikta. Etter litt vasing i toppområdet gjekk vi for å sjå om ein kunne kjøpe sveler på skistua. Den var stengt.

Skaun: Våttån - Eskil sin første pf100

Datum:
14.04.2016
Tourcharakter:
Spaziergang
Tourlänge:
1:00h

Eskil hadde no passert den modne alder av 3,5 månedar. Som far og omsorgsperson var eg skamfull over at han enda ikkje hadde besøkt eit pf>100-punkt. Eg leita litt i Trondheim sitt nærområde, og fann Våttån som visst nok både hadde pf>100 og flott utsikt. Eskil vart tanka opp, og vi hoppa i bilen. Vi fann raskt vegen, som var svært godt merka, og junior vart plassert i bæreselen. Han sovna heldigvis rimelig kjapt, og eg rusla opp traktorveg og sti ein halvtimes tid til toppen. Der skreiv vi oss inn i boka, Junior glippa litt med augene, men verka ellers upåverka av utsikta over Trondheimsfjorden. Du må spa opp ein bedre tind enn dette om eg skal bli imponert, Pappa (zzzzz). Eg var frista til å seie meg einig. Pf>100-samling i Trøndelagen virkar som eit mindre interessant >>>

Buldrehelg på Harbak

Datum:
09.04.2016
Tourcharakter:
Bouldern

Våren er i emning, og med den kjem trekkfuglane til Trøndelagskysten for å nyte fineværet. Så også Arve, og vi slo til med eit forsøk på utendørs familie-buldre-helg på Harbak. Bilen vart pakka full av pads, barnestæsj og klatreutstyr. Den ferske småbarnsfaren leid moglegeins av ein smule overkompenseringssyndrom i forventningane om kva desse to dagane skulle bringe. Etter å ha bunkra øl og sportstape i Åfjord sjekka vi inn på Edmundgården. Ypperlig overnatting med rimelig pris og hyggelig vertskap 10 min gange frå buldringa. Så bar vi paddar, gut og heile spetakkelet opp i hula, der magien skulle iverksetjast. Harbak er hardt, og Harbak-sjokket slår deg alltid når ein ventar det som minst. Eg prøvde litt på Små muser (Harbak 6c=7a) som eg har gått før, men fikk ikkje >>>

Karte