Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Is topptauing på Øysand

Datum:
09.11.2016
Tourcharakter:
Eisklettern

Topptaua vertikal is på rampa austgåande. Bra økt der teknikken fikk køyrd seg. Sjølv om det har vore kaldt var det framleis vatn i sving her, så denne har potensiale til å bygge bra. Ellers var resten av motorveggen (veggen i vegskjæringa langs rampa og vegen mot bilopphoggeriet) noget tynn. Slenger med eit bilete frå recon dagen før. Dette området er intet mindre enn ein isklatregym nøyaktig 15 minutters køyring frå inngangsdøra. Masse masse linjer og lette topptauingforhold. Meiner det er vel verdt å lage ein førar på dette området også etter kvart, med navn, graderingar og det heile. Kanskje bore nokon linjer for mixklatring i vegskjæringa - hadde gjort underverker for isklatreskillza i trondheimsregionen.

Karte    

Isklatring sesongstart på Kongsvollfossen

Datum:
06.11.2016
Tourcharakter:
Alpinklettern
Tourlänge:
5:00h

Sesongstart på is opp Kongsvollfossen. Pål Christian var med, og hadde sin andre dag på is, med splitter nye himalayastøvlar og nomics. Det var -13 på parkeringa, men ingen fare for at man skulle fryse på beina, for å seie det slik. 3 andre taulag var i gang, men det gikk fint oppover. Dei to første var omtrent toppa ut, og vi klatra parallelt med nokre svenskar som hadde gjort moldensarar av seg. Trivelig stemning, sol, flott utsikt, og effektivt arbeid opp isen. Og ikkje minst slapp vi å finne vegen ned sjølv. På Oppdal vart det rømegraut og biffsnadder.

Ila-Gtfjlt-Stdsh-Grkln-Lrkndl

Datum:
02.11.2016
Tourcharakter:
Jogging
Tourlänge:
3:43h
Entfernung:
21,8km

Treningstur i Bymarka. Myrene var NESTEN frosne. Steinane, derimot, var glatte. Koselig likevel. Kreativ linjeføring i mørket. Litt kveldslys frå Geitfjellet

Treningsrunde i Bymarka

Datum:
30.10.2016
Tourcharakter:
Jogging
Tourlänge:
2:38h
Entfernung:
17,8km
Karte    

Orkdal: Rabbolen

Datum:
21.10.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
4,0km

Listetopp med flott vestvegg og pirrande primærfaktor i Orkdal. Eg og Eskil tok turen. Ganske kaldt på parkeringa, så junior vart pakka godt inn. Den store vestveggen måtte studerast nøye med kikert før avgang. Klatrebar skal tru? Veldig godt merka sti, men bemerkelsesverdig bratt stiføring opp mot topp-platået. Vel oppe var det nydelig turterreng og flott utsikt. 45 minutt opp med ca 15 kg på ryggen. Diverre ein kald trekk på toppen, så vi snudde rimelig raskt for å holde varmen i store og små. Eg tar gjerne turen i bedre vær, for her var det fin utsikt! Ein liten rast ved Rabboltjønnin med litt mat og drikke før det gikk kjapt nedatt. Humøret i meisen gjekk like raskt nedover som stien, men ingen ting hjelp som å kome seg ut av meisen og leike litt. Slutt med den kikerten då, >>>

Gulsiberget

Datum:
19.10.2016
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
12,3km

Skulle på joggetur til Vassfjellet men tok feil buss. Det går visst fleire vegar til Klæbu - kven skulle trudd? Men i staden for å springe langs vegen til Vassfjellet kunne eg jo sjå kva som fanst langs busstraseen. Sjå her ja: Gulsiberget! Hoppa av ved Solem og fulgte skogsvegane oppover mot Syrsjøen. Pussig navn. Stilt i haustskogen på ettermiddagen. Tok til høgre mot Syrsjøen, men skulle fortsatt rett fram. herifrå vart det litt bukkemark opp på høgda der eg vassa i nesten frosne myrer til toppen av Gulsiberget. Fin utsikt mot vest herifrå, og solnedgang over trollheimen. Spor av sti her og der på toppen, men ikkje rare greiene. Eg mistenker at trønderen sitt manglande toppinstinkt har slått til igjen - siste person som var på toppen var vel den som satte opp skiltet merka >>>

Karte    

Geitfjellet med Eskil

Datum:
18.10.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:00h

Karte    

Haustferie i Font

Datum:
08.10.2016
Tourcharakter:
Bouldern

Årets haustferie gikk til det kanskje mest kjente buldrefeltet i verda, Fontainebleau (eller Font på folkemunne). Dette er mitt fjerde besøk til denne skogen sør for Paris som pregast av nydelige sandsteinar, gåselever og raudvin. Sidan sist har det skjedd ei drastisk befolkningsauke i vennegjengen, og vi var tre småbarnsfamiliar som trakk sørover: Anne, erlando (Erlend Hassel) med Ane, Solveig, AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) med Jens og Ragna, samt meg, Ms_Holm (Mari Holm) og Eskil. Det flotte med Font er jo at det passar for ALLE alderar. Buldring i Noreg er stort sett bedrive av menn i 20-åra som vil gå harde ting. I Font er det ein folkesport, og ein finn alt frå veldig fine bulder for nybyrjerar til nokon av verdens hardaste problem. I tillegg ligg mange av områda på flat sand, så det er rimelig trygt for småfolk og ferdast. Solveig og Andreas hadde >>>

Karte    

Trondheim pf>100: Våttåsen

Datum:
05.10.2016
Entfernung:
3,3km

Tur til ein av dei mindre alpine toppane på trondheimslista. Turen starta friskt mellom pukkverka i skjøla. Tung trafikk og eit lag av støv over heile terrenget. Bra at Eskil får litt industrielle impulsar. Slik vert det om ikkje anna god musikksmak av. Black Sabbath voks jo opp i slike omgivnadar, tenker eg. Vidare opp forbi Storsteinen, Snauskolten (??) og Svarttjønna før toppmyra på Våttåsen. Jauda.

Storheia

Datum:
03.10.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Karte