Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Yosemite 1/2: Royal arches

Datum:
27.04.2015
Tourcharakter:
Klettern
Tourlänge:
13:00h

Yosemite Valley; for ein kvar klatrar er dette som Mekka og Medina for gode muslimar. Granittveggane står opp mot 1000 meter på kvar side av den flate dalbotnen, og delikate sprekksystem skyt oppetter stupa. Så mykje av moderne klatresport har vorte utforma her, så det var berre sjølvsagt at dei siste to månedane har gått med til trening og drøyming om årets store klatreferie. Vi skulle tilbringe halvannan veke i Yosemite saman med Andreas og Solveig. Kjære lesar – du ventar vel på ei gullrekke av dristige bestigningar? Vil dette bli fuglen fønix ut or asken, i flott flukt gjennom de høyre sfærer? Eller blir det luftskipet Hindenburg? Kva kan gå feil når forventingane er så skrudd til? Eg landa i San Fransisco fredag kveld, heiv klatrestæsjet i leigebilen, og køyrde inn >>>

Karte    

Wachusett Mountain

Datum:
19.04.2015
Tourcharakter:
Spaziergang
Karte    

Rumney

Datum:
11.04.2015
Tourcharakter:
Sportklettern

Temperaturen snik seg oppover i New England, og vi fyllte bilen med folk (Meg, Kona, Dan, Drew) og stakk til Rumney i håp om å finne tørr stein. Phil hadde skada skuldra, men han møtte opp som hangaround. Meldingane sa 15 grader og sol, men litt skuffa køyrde vi inn i overskya, 5 grader og vind. Likevel var det mange bilar på parkeringa og kødanning på dei få rutene som var tørre. Urgh. Etter litt leiting fann vi likevel tørr stein utan alt for mykje trengsel. Sola kom også fram, og etterkvart vart det riktig så koselig. Høgdepunktet på dagen for min del var onsight av klassikaren Romancing the Stone (5.10c). Eg og Dan prøvde også på Whip Tide (5.12b) men alle illusjonar av god form vart knust i dei steinharde fullkroppsavstivingane. Og det var jo også voldsomt kor langt det var mellom slyngene på denne >>>