Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Yosemite 1/2: Royal arches

Datum:
27.04.2015
Tourcharakter:
Klettern
Tourlänge:
13:00h

Yosemite Valley; for ein kvar klatrar er dette som Mekka og Medina for gode muslimar. Granittveggane står opp mot 1000 meter på kvar side av den flate dalbotnen, og delikate sprekksystem skyt oppetter stupa. Så mykje av moderne klatresport har vorte utforma her, så det var berre sjølvsagt at dei siste to månedane har gått med til trening og drøyming om årets store klatreferie. Vi skulle tilbringe halvannan veke i Yosemite saman med Andreas og Solveig. Kjære lesar – du ventar vel på ei gullrekke av dristige bestigningar? Vil dette bli fuglen fønix ut or asken, i flott flukt gjennom de høyre sfærer? Eller blir det luftskipet Hindenburg? Kva kan gå feil når forventingane er så skrudd til? Eg landa i San Fransisco fredag kveld, heiv klatrestæsjet i leigebilen, og køyrde inn >>>

Karte    

Wachusett Mountain

Datum:
19.04.2015
Tourcharakter:
Spaziergang
Karte    

Rumney

Datum:
11.04.2015
Tourcharakter:
Sportklettern

Temperaturen snik seg oppover i New England, og vi fyllte bilen med folk (Meg, Kona, Dan, Drew) og stakk til Rumney i håp om å finne tørr stein. Phil hadde skada skuldra, men han møtte opp som hangaround. Meldingane sa 15 grader og sol, men litt skuffa køyrde vi inn i overskya, 5 grader og vind. Likevel var det mange bilar på parkeringa og kødanning på dei få rutene som var tørre. Urgh. Etter litt leiting fann vi likevel tørr stein utan alt for mykje trengsel. Sola kom også fram, og etterkvart vart det riktig så koselig. Høgdepunktet på dagen for min del var onsight av klassikaren Romancing the Stone (5.10c). Eg og Dan prøvde også på Whip Tide (5.12b) men alle illusjonar av god form vart knust i dei steinharde fullkroppsavstivingane. Og det var jo også voldsomt kor langt det var mellom slyngene på denne >>>

Sesongstart stein på Rumney

Datum:
21.03.2015
Tourcharakter:
Klettern

As both ice and my eagerness for ice gave way for rock we this saturday tried to find a dry place for rock climbing. The forecast said showers and just above freezing, so that meant perfect conditions for something steep. As Rumney is the go-to-place for steep climbing, Phil persuaded me into checking out the famous Waimea -wall at Rumney. Rumney is the biggest and most famous sport-climbing crag in New England, and even though it is pretty huge, it is very crowded on a warm spring day. This saturday, however, did not count as a warm spring day. I met Phil and his friend Scott on an emtpy Rumney parkinglot. It was still around freezing when we started warming up, and as the sun started to shine, the ice lines at rumney started falling down around us. We first did two short and pretty bouldery lines, >>>

Karte    

Finalehelg isklatring: something good and something bad

Datum:
07.03.2015
Tourcharakter:
Eisklettern

Denne isklatresesongen har virkelig vore ein opptur. Den byrja med eit sprang frå redd WI3-klatring i fjord til sjølvsikker WI4-klatring frå første dag i år. I tillegg så er desse klimaendringane årsak til mykje rart, mellom anna iskalde New England-vintrar, så isen har vore knallbra. Difor har det vorte mange helgar i bilen på veg til New Hampshire. No var det nett så vi byrja å bli litt metta, og vi beslutta å ta denne helga som sesongavslutning. Sidan vi etter planen er tilbake i Noreg neste vinter så var dette også kanskje siste sjangse til å ticke av nokon lokale klassikarar. Vi sette turen mot det mest berømte iscragget i New England, Frankenstein. Sendevind Været var behagelig: eit par minus. Men sola har byrja å ta godt, og mange soleksponerte isar hadde byrja å sjå >>>

Mad Skillz i Katskills

Datum:
20.02.2015
Tourcharakter:
Eisklettern

Denne helga gjekk turen til Catskills-fjella i upstate New York for litt isklatring. Vi skulle møte Andreas og Solveig frå Trondheim, som var ein rask tur i nordaust før dei dreg til California. Andreas og Solveig er forfordelte frå naturen si side både psykisk og fysisk, men sidan dei no er midt i eit friår med berre klatring har det liksom tatt heilt av! Eg og Kona har trent som pesten for ikkje å drite oss heilt ut i møte med våre trondheimsvenner. Med seg hadde dei Jens (4 år) som etter eit halvt år med buldring i Fontainebleau byrjar å bli rimelig forfordelt sjølv. Vi møttest i New Paltz, der dei leigde utstyr, før vi tok første dag i Devil's Kitchen . Temperaturen var noget stiv (ca -15grader), men sola varma, og det vart rett så koselig i dei solvende flowane. Rykta sa at isen i Catskills >>>

IceFest 2015

Datum:
07.02.2015
Tourcharakter:
Eisklettern
Karte    

Sunnmørsk bestigning av Black Dike, New Hampshire.

Datum:
06.02.2015
Tourcharakter:
Alpinklettern
Tourlänge:
7:00h

Denne rapporten vart orginalt publisert på Nordmøre og Oppdal sin største alpinblogg Alpinist.no. Men sidan den har vore nede ganske lenge no så trykker eg den også opp her, til glede for peakbook sine lesarar . Då eg fekk spørsmål om eg ville skrive eit innlegg på Alpinist.no var det to problem som raskt kom til syne. Det første var at eg er ein middelmåtig buldrar som nett har rista av meg høgdeskrekka, lært meg åttetalsknuten, og krafsa meg opp min første WI4. Det andre var at eg om dagen bur i Boston, New England, eit åskledd skoglandskap der alpinklatring definerast som klatring i dårlig vær. Korleis skulle dette finne sin plass mellom Tågbekken, Haisommer, Trollatraversen o.s.b. utan at eg skulle miste fullstendig andlet? Ettersom årets isklatresesong framskreid med overraskande >>>

Karte    

Dyvåt sendevind på Frankenstein

Datum:
18.01.2015

Våt dag på Frankenstein. Langt å køyre for å isklatre i sludd. Men no pain no gain etc. Klatringa var dødsfin. Cruxet denne dagen var tilbaketuren til Boston i tjukt vær på tarvelige amerikanske "heilårsdekk". Men det gikk det óg. Med på turen: Kevin og Daniel. Ticks: Chia (WI3), andremann Chia Direct WI4+ (led) Pegasus, WI/4 (andremann) Bob's deligth (WI4), led

Karte    

Rykker opp i gradene på Kinsman Notch

Datum:
10.01.2015
Tourcharakter:
Eisklettern

Med eit durabelig kuldegyfs over heile New England siste veka var det krystallklart at det måtte bli isklatring denne helga. Alle kræmområda som ikkje har vore inne før i sesongen var no klare som egg. Team Norsk-i-Boston teama opp med Kevin for cragging på Kinsman Notch. Det første som var klart var at det framleis var kaldt. Ny dunis sørga for bli-ny-dag i Notchen i dag. Varm var den og - bedre å vere varm enn kald. Vi hakka oss først opp ein slab som stod i WI2+. Eg kjende den nyerverva WI4-sjølvsikkerheita frå før i sesongen boble i meg, og eg gav meg etter det til på ei kort WI4-pillar, som også gikk fint (men som dog gav meg kjennskap til fenomenet Screaming Barfies/Neglesprett). Kona rista av seg det midlertidige tapet av teknikk som har herja ho tidlig i sesongen, og topptaua >>>

Karte