Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

School of trad gruppearbeid: Lakeview

Datum:
28.09.2014
Tourcharakter:
Alpinklettern
Tourlänge:
10:00h

Denne søndagen hadde vi tenkt å cragge litt i nærområdet til Boston. Værmeldingane var nydelige, og sidan eg hadde nytta veka til å ruse meg opp på The American Alpine Journal 2013, hadde tankane mine byrja og vandre nordover. Medan vi sulla oss heim frå ein god middag laurdags kveld sette eg inn støtet: kva om vi dreg på Cannon heller enn å cragge? Kona sa "Ja, det gjer vi!" Eg hadde ruta Lakeview (5.6, 8tl) i tankane. Spørsmålet var om min kollega Pontus, som vi hadde avtalt å cragge med, var interessert. Han er rimelig ny til klatresporten, men har vist seg sporty og ikkje heilt utan talent. Han var med! Så dette vart jo som eit gruppearbeid på School of Trad (S.O.T), med vekselleding og føring av nybyrjar. Gruppearbeid høyrer jo til på ein skule. Relativt alpin >>>

Karte    

Tentamen på school of trad: Whitney-Gilman Ridge

Datum:
07.09.2014
Tourcharakter:
Alpinklettern

Etter å ha tatt nokre helgekurs på den noko uformelle School of Trad var det på tide å gå opp til tentamen. Oppgåveteksten var som følger: lede den klassiske Whitney-Gilman Ridge (II 5.7 5tl) på Cannon Cliff. Kona melde seg som sensor, og vi var klare til avmarsj. Vi var fire stykker i bilen. 1) Den lokale trad-nissen Kevin, som i stoisk ro inntok ein slags Old Man on the Mountain-positur i baksetet. 2) Daniel, ein trivelig og klatreivrig kar frå Ålesund/Trondheim, som vi gikk oss på utanfor klatregymmen for halvannan veke sidan (!!), 3) Kona, og 4) Meg. Alpin start frå Boston kl. 6 med ein slags tanke om at vi skulle vere først på ruta. Ankomst parkeringsplassen kl. 8:30, og ved innsteget kl. 09:30 i crispy haustvær. Alas, det var mange som skulle opp til tentamen denne dagen, og det aula allereide >>>