Brytekamp med Storen (07.09.2013)  6


Startpunkt Turtagrø (884m)
Endpunkt Turtagrø (884m)
Tourcharakter Alpinklettern
Tourlänge 19h 00min
Karte
Besteigungen Store Skagastølstinden (2.405m) 07.09.2013
Besuche anderer PBE Turtagrø Hotell (883m) 07.09.2013
Skagastølsbu (1.758m) 07.09.2013 05:00

Andreas og Solveig inviterte til tur på Storen. Storen? Eg som hadde høgdeskrekk og null klatreerfaring? JA!

Det var glimrande meldingar då vi la i veg frå Turtagrø 05:00. Då vi kom til Bandet klokka 8 var det delvis overskya, og vi følte dette gikk glimrande. Opp mot svaa hadde vi fått eit einaste råd: hold mot venstre. Og det gjorde vi sjølvsagt ikkje. Samstundes kom skodda, og alt vart glatt. Vi kom for langt ut til høgre, og måtte sikre oss opp nokre dieder og sva.

Tida gikk, og vi var ikkje på hjørnet før om lag klokka 13. Her skulle det klatrast! Alt var glatt, men i det minste visste vi no kvar vi skulle. Bortover galleria gikk det fint. Her var det å fokusere fullt på arbeidsoppgåvene, og då har ein ikkje anledning til å tenke på høgda. Dette kallar eg kognitiv sjølvmedisinering! Vi pressa oss opp Heftys renne (synd at ein så fin topp skal ha eit så stygt crux) før vi gikk i løpande sikring til toppen, som vi nådde 15:30.

På toppen skal det visst nok vere glimrande utsikt, men det såg vi ingen ting av. No var det å konse på veg nedatt.

Rapellen gikk ned i skoddeheimen, men etter ein ustø start på glatt stein var det riktig så artig ned gjennom den flotte veggen frå helikopterslynga ned til hjørnet. Derifrå var det å prøve å holde mot ryggen for å finne vegen nedatt. Her traff vi to andre som hadde gått skagastølsryggen, men kome litt seint ned då dei hadde gått feil og havna på Sentraltind (!) utan at det såg ut til å gjere så mykje. No var bekymringa at vi måtte kome oss ned til bandet før det vart mørkt. Og det gikk akkurat! Klokka 21 var det på tide å skru på hovudlyktene, og då stod vi på bandet, glade for at alt hadde gått bra i dei tross alt ganske krevjande forholda. Ikkje minst Andreas, som hadde gjort ein kjempejobb med sikring heile vegen.

Og tilbake på bandet såg vi jammen skodda lette på Storen. Den luringen!

Då var det å byrje på den lange trasken tilbake til Turtagrø, og jammen letta ikkje skodda også då! Vi trakka opp trappa på Turtagrø klokka 23:45, og sannelig var det godt med ein øl denne kvelden! Debuten som tinderanglar var slitsom men svært tilfredstillande. Store Skagastølstind var sannelig ein topp eg ikkje hadde venta å bestige!

Så for dei som ikkje er kjent på Storen: når ein går oppover frå bandet er det varda ein sti som går langs ryggen til venstre, på venstresida av snøfeltet som ligg litt ovanfor bandet. Denne stien er ikkje alle stader like tydelig, men ein bør som ein tommelfingelregel prøve å holde seg mot ryggen. Stykket frå bandet til hjørnet er lenger enn ein skulle tru, og det kan vere svært krevjande terreng om ein kjem feil. Her kan ein spare mange verdifulle timar på å finne god veg, noko som ein absolutt treng på denne turen.

Dagen etter var planen å gå Austbotntind, men der fikk Storen tatt rotta på oss. Denne dagen låg vi på Turtagrø og kjende på stive musklar medan Storen såg ned på oss frå ein skyfri himmel.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.