Busperraksla mix 2 (07.02.2025)
Besuche anderer PBE | Busperreaksla mixklatring (850m) | 07.02.2025 08:15 |
---|
Ny life-hack-dag på Busperraksla. Erlend skulle rekke jobb klokka 15. Ingen problem! Avgang frå parkeringa 8:15, halvannan time stamping i gjennomslagsskare, så klatrestart 10:30. Lite kø på innsteget fåsds! Livet leikar.
Litt lettare linje denne gongen, bratt start som Erlend surfa opp, så grei klatring opp ein kamin, før eit fint opptak til standplass etter 35m. Eg tok vegen vidare. Litt merkelig opptak ut av standplass, og opp på ei hylle. Så eit bratt opptak med gode hooks, litt krevjande sikring, før eg runda inn i diederet mot toppen, som var enkelt. Sit mykje i hovudet dette greiene her, men veldig kjekt å kome i skarpenden.
Nydelig utsikt over fjord og fjell medan eg sikra Erlend opp. Kondolerer til dei som måtte sitte inne denne dagen. Jammen er det kjekt å klatre.
Denne linja er truleg gått før, men klokkar inn på M4, kanskje 60 m. Vandrar litt, så fint å dele i to lengder.
Eg gløymde diverre telefonen i bilen, så det vart ingen bilete av Erlend. Men han såg ganske rå ut.
Stamping tilbake i samme gjennomslagssnø, og levere Erlend på jobb 14:45. God margin!
Benutzerkommentare