Busperreaksla mix (20.12.2024)


Tourcharakter Mixed-Klettern
Karte
Besuche anderer PBE Busperreaksla mixklatring (850m) 20.12.2024 22:25

I dag fekk eg endelig lurt meg med Erlend til Glopparane sin eigen mixklatrevegg på Busperreaksla. Dette er så nær skotsk miksklatring ein får det utanfor skottland, så dette haddee eg sett fram til! Det er etablert mange linjer i veggen, men det er ein del hemmeligheitskremmeri i dete Glopske klatremiljøet. Rykta seier at topo er på veg.

Vi ville klatre nokon litt kortare ruter, og då måtte vi heilt opp på venstresida. Etter ein god brøytejobb stod vi ved veggen etter 2.5 timar. Her var det masse linjer. Vi ville klatre noko nytt og peika oss ut ein fin venstrevendt diederformasjon på sida av ein pillar, med tydelige riss. Erlend tok ledertrøya, og det vart 30 meter med kjempefin og moderat klatring M4.

Vi traska tilbake til innsteget, og såg på høgresida av pillaren. Der var jo også eit dieder. Det måtte vi jo klatre. Eg starta oppover og fekk nokon meter med lett klatring før eg møtte veggen - bokstavelig talt. Her var det bratt og det virka ikkje som ein god ide å byrje på dette, så eg ba om å bli firt av.

Erlend tok over, og brukte også ein del tid oppover. Han satte stand eit stykke opp i veggen. Eg kom etter og tenkte at det var svært lurt å droppe leden, for dette var på grensa for min del. Men eg kom meg opp men måtte henge i tauet for å få ut nokon sikringar.

Neste lengde var kortare, kanskje 7-8 meter til toppen på veggen. Men bratt. Erlend satte avgårde, og kom opp dit diederet bratnar mot toppen. Her datt eine stegjernet av. Men det skal meir til for å dupere sindige sørlendingar, så etter litt luring fekk han slengt seg over kanten og sette stand.

Det var litt blanda kjensler i meg då eg forlet standplassen i tussmørket. Byrja å bli litt kjørt i hovudet, og det såg tungt og vanskelig ut. Men men, utrulig kva som går på topptau når ein ikkje må stole 120% på øksene. Litt vas med sikringar og utstyr gav eit heng, men eg kom meg opp. Vart M6 ca 50m?

No var det mørkt, så berre å tusle seg tilbake til bilen og mildværet. Tenk å ha ein sånn vegg i nabolaget!

Takk for turen Erlend!

Veggen i bakgrunnen. Vi klatra den minste seksjonen til venstre
Veggen i bakgrunnen. Vi klatra den minste seksjonen til venstre
Den første linja gikk opp diederet
Den første linja gikk opp diederet
Erlnd på første linja
Erlnd på første linja
Og utsikt då!
Og utsikt då!
I gang på andre linja, som følger det reine diederet på skrå opp til høgre for Erlend
I gang på andre linja, som følger det reine diederet på skrå opp til høgre for Erlend
Jamming! Som indian creek, berre annleis
Jamming! Som indian creek, berre annleis
Rett under toppen
Rett under toppen

Kommentarer

  • -
    avatar

    Tøft

    Skrevet av Affen 22.12.2024 16:01

    rett og slett

    • -
      avatar

      Sv: Tøft

      Skrevet av kobbenes 22.12.2024 17:59

      ja dette var litt tøft - rett og slett. du ser jo i kva ende av tauet eg er :-P

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Tøft

        Skrevet av Affen 22.12.2024 18:09
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Tøft

          Skrevet av kobbenes 23.12.2024 08:10
Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.