Mørkesetfjellet (01.05.2024)


Startpunkt Hammeneset
Karte
Besteigungen Hornet (719m) 01.05.2024 16:33

Denne strålande første mai-dagen skulle vi endelig prøve oss på Mørkesetfjellet, som dominerer utsikta vår frå Orheim ganske grundig. Ungane var kjempegira!

Heime var det godt og varmt, så vi budde oss på hetetokter og la planar om softis etter tur. Eskil ville helst at vi skulle ta båten bort - og det hadde truleg vore det raskaste. Men det vart bil.

Eg og Mari gjekk her for ein 15 år sidan og hugsa det som ein flott tur. Sidan då har det vore enorm veibyggingsaktivitet på Hammeneset, og resultatet er at halve turen går på ein stor skogsveg. Det var eit steg ned for oss. Men frå sætra er det fin sti, og utsikta er smæshing.

Det var veldig lummert opp bakkane, og på sætra kom også regnet. Temperaturen datt eit par hakk, og over tregrensa måtte vi på med alt vi hadde med av kle. Regnet gav seg heldigvis på toppen, men det var litt surt. Etter ein runde med niste, godsaker og peiking på diverse fjell gikk det raskt nedatt.

Det vart ikkje softis, men ein tur innom Aske Burgerresturant på Eid. Bra tur og godt humør til tross for litt varierande vær.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.