Flagstaff og indian creek (23.10.2022)
Besuche anderer PBE | Indian Creek Climbing Area (1.750m) | 23.10.2022 |
---|
To-vekers pappaferie (!!!!) til Arizona og Utah for å besøke Andreas og Solveig som har flytta til Flagstaff halvanna år. Planen var å sjå om dei oppførte seg i land of the free eller om dei hadde blitt til republikanske kåbbåiar, og dessutan klatreklatreklatre - med trad-mekkaet Indian Creek som hovudattraksjon.
Blir difor litt klatrenerding i denne rapporten. Dei som ikkje gidd å lese slik henvisast til rapportane frå dei to turane med oppoverbakke som eg fekk logga under oppholdet. Bra primærfaktor, tynn luft og greier - bør altså vere interessant for dei fleste. Her og her.
Men altså... Eg landa i Phoenix seint laurdag kveld, og var i Flagstaff tidlig søndag morgon. Vakna litt ut på føremiddagen og helste på vertskapet. Deretter tok vi oss ein tur på det lokale buldrefeltet Priest Draw, som rett og slett er litt kjendt. Ruter av Chris Sharma og alt mogleg. Dette var bratte saker - ja rett og slett opp ned. Eg gikk ein 6C, og gjorde ein del forsøk på ein stilig 7B. Eg kom ikkje heilt i mål for å seie det sånn, medan Andreas støta på og senda det eine opp-ned-bulderet etter det andre på sedvanlig vis.
- Mandagen tok eg meg ein tur på den lokale supertoppen Humphreys Peak, over 3800m. Sjå eigen rapport (lenkje ovanfor).
- Tirsdag var det ny tur på Priest Draw, der eg framleis ikkje gikk 7B. Men denne gongen gjekk eg heller ikkje 7B+, så det var jo ei forbedring då.
- Onsdag vart det ein tur på Kendrics Peak, og ein ny tur på Priest Draw for å prøve å gå den forbanna 7Ben. Gikk ikkje denne dagen heller.
- Torsdag tok eg og Solveig oss ein tur på det lokale kalksteinssportscragget og lufta tauet litt. Solveig støta på, og eg klara å knøde meg opp ein 5.11a. Sportsklatring er ikkje mi sterke side - men moro var det! Og varmt.
Fredag logga Andreas av jobben, og vi sette oss i bilen på veg til Creeken! Fin køyretur gjennom det tørre steppelandskapet, og etter kvart dukka den karakteristiske raude steinen opp. Etter magisk grillmat i Montecello køyrde vi inn i Creek-området. Her vart det vanskeligare og vanskeligare å holde augene på vegen. Det var sterke inntrykk - milde måne! Vi campa på Superbowl-campen, leita fram alt utstyret som skulle til pers, og slo opp teltet. Spenninga var stor! Vi kosa oss glugg ihjel medan sola gjekk ned bak ørkentårna.
Dagen etter drog vi til Critics Choice-veggen for å prøve å finne nokon fine start-ruter. Dette vart masse masse leiting der vi hverken fann rutene vi leita etter eller kvar vi var på cragget. Det var stort her, og føraren var ikkje av det systematiske slaget. Vi leita etter det som skulle vere den finaste 5.9en i creeken - Bunny Slope, og til slutt kom vi til noko som måtte vere ruta vi leita etter - eit nydelig hjørne med eit riss. No var behovet for å klatre så sterkt at det påverka dei kognitive evnene.
Eg starta opp. Flott klatring! Milde måne dette var gøy! Hadde eg berre sett kvar ankeret var! Men det såg eg ikkje. Derimot gikk risset eg fulgte over til ein offwith. Det skulle jo ikkje vere offwith på Bunny Slope?? No hadde eg hadde ingen ting å sikre med, og etter 25 m klatring var det framleis ikkje spor av noko anker. Eg vart fira av, Andreas tok over og kom seg litt lenger før han måtte gi seg han også. Kva no? Vi måtte jo få ned utstyret vårt! Eg topptaua opp til highpoint, og prøvde meg. Etter mykje bryting og kamp, der eg for eksempel brukte masse tid på å prøve å sette ein BigBro, kom eg meg opp offwithen. Eg hadde no ein frisk runout, og var ganske gira på å kome meg i sikkerheit. I toppen av breirisset var det eit hol under ei diger blokk. I denne fødselskanalen pressa eg meg inn - ein omvendt fødsel. Ja, her vart eg føydd på ny. Som Creek-Freak. Bak blokka var det god plass og under open himmel. Her hang ankeret. Så då var det berre å forbrede returen samme veg... Ruta var Critical Mass (5.11/7). Skulle jo gått den frå starten då.
No var halve dagen gått, så vi hoppa på ei superkort rute, før eg gjekk på ein ny offwith. Denne var enda verre enn den første, men det gikk det også. Wrench route (5.10/6). Då var vi i gang!

Dagen etter (søndag) ville vi ha kortare ruter. Vi gikk til Nuclear Wall, og starta med Hot Sex (ja nettopp) 5.9/5. Skulle vere lett - var bratt. Men veldig fin. Kjende eg hadde veldig oppdrift, og eg byrja å bli heilt rusa av denne raude og fine sandsteinen med dei flotte rissa. Dritbratt, men det var jo berre å jamme seg opp. Sikre kunne ein gjer over alt! Vi gikk over på Splitness (5.10/6), og etter ein del leiting hit og dit og fram og tilbake (det er STORT her!) gjekk vi Meltdown (5.9+/5+).
Mandag tok vi en kviledag i Moab, med shopping, burger og dusj.
Tirsdag var vi tilbake på Nuclear Wall. Vi synest vi hadde brukt mykje tid på leiting dei to første klatredagane, og vi ville no på ein vegg vi kjende frå før. Dette er jo ei erfaring for dei som tar turen - det er STORT og tar litt tid å finne fram. Denne dagen vart også den beste klatredagen for min del, og eg gjekk Fission Quest (5.10/6), Nuclear fingers (5.11-/7-), #27 (5.11/7), Stubby (5.10/6), Act or react (5.10+/6+), alt flash. Knalldag! Andreas, som ALLTID har oppdrift, sleit litt av noko han lurte på var etterverknadar av ein runde Corona, og var ikkje heilt i slag. Men han kosa seg, sjølv om han sjølvsagt ønska å kunne crushe litt meir sjølv. Men han sende jo 5.11 han også, med litt rastafari på høgtalaren og bjørnebrumming på cruxet. Dagen vart avslutta med om lag 4 kilo pasta bolognaise med bacon pr pers, skylt ned med flott amerikansk IPA - og då meinar vi ikkje det der tynne mormonerølet!
Dagen etter gikk vi på Super Crack Butress, men vi fann hverken Supercrack eller Incredible Hand Crack. Det var fordi vi var på feil vegg - Battle of the Bulge Veggen. Så slik var det. Men vi møtte Creek-legenden Devin Finuance, så det gjorde ingen ting. Dessutan var det så mange knallruter her at vi hadde nok å henge fingrane i, for å seie det slik. Vi gjekk #5 (5.10-/6-), Railroad tracks (5.10-/6-), The Mayes (5.10/6). Til slutt prøvde vi på den svært lange Generic Crack (5.10-/6-). Eg gikk tom for sikringsmidler halvvegs, rappellerte av og samla inn alle gule kammar eg fekk tak i før eg gjekk til topps (ground up denne gangen då - klok av skade). Innmari morsomt!
Det var dagens siste, og vart også creekens siste. Samme kveld kom det uvær, så vi evakuerte til Moab. Torsdagen hølja det ned, og det var våt og porøs stein både fredag og laurdag. Dette var dagen for å besøke den legendariske klatrebutikken Pagan Mountaineering for innkjøp av det aller mest nødvendige, nemlig capsar og T-skjorter med butikken sin flotte logo! Vi leita også etter litt buldring som hadde holdt seg tørr. Men alt var vått, noko som gjer steinen mjuk og lett øydelagt. Eit siste forsøk på å finne klatring vart stoppa av eit steinras som hadde gått over vegen til cragget grunna alt regnet. No var teikna tydelige nok, og vi la inn årene.
Fredag kveld prøvde vi oss på klatrefestivalen i Moab, men dette var rett og slett ein utendørsfestival i minusgrader med eit litt crappy program. Alle klatrekjendisane som var der stod og drakk øl og hadde ingen foredrag, mens resten stod og fraus. Knallkonsept der altså.
Laurdag rota vi oss opp på Looking Glass Rock sør for Moab på veg heim til Flagstaff. Her var det sirkus og ståhei med ein gjeng som skulle ta pendelhopp på rapellen og styr og hendelse. Så etter å ha prøvd eit par rapellanker der tauet vårt ikkje nådde til bakken, reverserte vi klatringa tilbake ned svaet vi kom opp. Det var enkelt på veg opp og litt meir nervepirrande på veg ned. Så var det straka vegen tilbake til Flagstaff!
Tusen takk for supert vertskap Solveig og Andreas, og knall tur!
Benutzerkommentare
Drøm
Geschrieben von oddis 14.11.2022 23:20Dæven, det der er en drøm å få oppleve. Takk for bilder og tekst :)
Sv: Drøm
Geschrieben von kobbenes 15.11.2022 20:36ja dette var ein dream come true - rett og slett. enda råare enn eg hadde turt førestille meg. heilt enormt stort, og superlett tilgjengelig. som font for tradklatring! just do it! (eller du kan ta deg ein tur til nordfjord - vi har sandstein her også. NESTEN like bra, eller nesten nesten då... ;-))