Eg har vore meg ein tur på Troda! (28.05.2021)


Entfernung 15,6km
Höhenmeter 997m
GPS
Besteigungen Troda (954m) 28.05.2021 14:40
Rauddalskammen (851m) 28.05.2021 14:40
Gullrekka
Gullrekka

Slår du opp i Opptur står det at Davikarar gjerne har vore seg ein tur på Troda. Og det kan eg godt forstå, for dette er ein riktig så flott topp. Så når Maike spurte om eg ville vere med på fjelltur på tenkte eg at det er jo ei skam å ikkje gå på tur på ein så fin dag. Men vi skulle på telttur på ettermiddagen, og eg skulle pakke, handle etc etc. Sist telttur gikk pakkinga litt for raskt, og då vi enda opp med mykje rart i bagasjen. Men det tar jo ikkje så lang tid å kome seg på Troda?

Sommaren har kome i fullt monn, og her var det berre å forbrede seg på hetetokter. Etter å ha køyrt opp bomvegen, som forøvrig ikkje anbefalast i veldig stor grad - bratte greier, var det berre å legge i veg opp finværsbakkane. Og ganske riktig, etter rimelig tid var vi på toppen. Men var det ikkje litt snaut å berre gå nedatt no? Eg såg på Klokka og på Rauddalskammen, tenkte at dette skulle jo gå raskt. Pakking og handling er heller ikkje sjukt tidkrevjande greier. Eller?

Maike hadde ingen hast med å kome seg heim, og det er ikkje så ofte eg er så nær Rauddalskammen.

Så då vart det Rauddalskammen. Fin tur bort, og ein flott utsiktstopp. Nydelig utsikt heile vegen mot Devon-fjella i Bremanger. Men det tok litt tid bort, og tilbake måtte vi nesten heilt opp på Troda igjen.

Då var det berre å tenke reserveløysinger på denne handlinga og pakkinga. Det vart litt likt og ulikt med på telttur denne gongen også, for å seie det slikt. Men tross alt, sidan vi ikkje tok med Bjørnavarden i runden så var vi jo eigentlig ganske greie!

Takk for turen Maike!

På veg tul Rauddalskammen, med Troda bak
På veg tul Rauddalskammen, med Troda bak
Startzeitpunkt 28.05.2021 09:01
(UTC+01:00 SZ)
Endzeitpunkt 28.05.2021 14:05
(UTC+01:00 SZ)
Gesamtzeit 5h 03min
Zeit in Bewegung 4h 39min
Pausenzeit 0h 24min
Gesamtschnitt 3,1km/h
Bewegungsschnitt 3,3km/h
Entfernung 15,6km
Höhenmeter 997m

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.