Store smørstabbtind (29.07.2019)


Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 4h 13min
Entfernung 13,3km
Höhenmeter 1.164m
GPS
Besteigungen Store Smørstabbtinden (2.208m) 29.07.2019
Vest for Leirvatnet (1.723m) 29.07.2019 10:00
Besuche anderer PBE Krossbu (1.270m) 29.07.2019

Siste dagen på Jotunhelga sikta eg meg inn på Store Smørstabbtind - ein topp som med sin frekke profil og vaksne høgd må reknast med på kremtopplista.

Det hadde vore værskifte, og den tidligare så skyfrie himmelen hadde gitt etter for blanda skydekke, særlig kring dei høgare toppane. Hurrungane låg innhylla i skyer, men Smørstabbane låg akkurat på grensa. Så eg satsa på at det skulle klarne opp, og la avgårde frå Krossbu i 10-tida.

Haifinnen i sikte
Haifinnen i sikte

Sjølv om beina framleis var prega av helgas utskeielsar, gikk det svært mykje lettare enn gårsdagens tur til Kyrkja. Det var i tillegg deilig lettgått landskap innover, grønt og fint og mindre prega av steinura som kyrkjeturen var full av. Elva Leira var flott å sjå på der den fossa og brusa nedover dalen. Breen og Store Smørstabben i seg sjølv var jo eit nydelig skue!

Sjølv om Hurrungane slår dei i aggressivitet så er sannelig Smørstabbane eit flott skue der dei skyt opp av breen. Det blir ikkje same susen den dagen breen er vekk - la oss håpe det er lenge til.

Alpine saker
Alpine saker

Det er litt ulike variantar for korleis innmarsjen kan gjennomførast, men eg fulgte drag i terrenget opp til vest for Leirvatnet, og gjekk over 1723-høgda ved vatnet. Her var det godt å finne stien, vardinga byrjar omtrent der bekken renn utfor kanten.

Herifrå går det berre oppover!
Herifrå går det berre oppover!

Herifrå er det 500 høgdemeter med ur til topps. Litt vanskelig å finne vardinga frå skuldra under det brattare partiet, men her trekk den litt mot høgre når ein står på skuldra. Eg syntest det var særlig fint å ha stien opp klyvinga i bratta då det var rimelig laust utanfor stien.

Utsikta frå toppen var like spektakulær som lova, og til tross for litt trekk tok eg meg ei stund her og berre saug det inn.

Eg hadde vore inne på tanken om å ta med Storbreatinden også, men no hadde eg fått dosen min og var godt nøgd.

Her var det fint, gitt!
Her var det fint, gitt!
Jommen sa eg smør!
Jommen sa eg smør!

På veg ned møtte eg fleire folk, og det vart også rimelig varmt i bakkane. Vel nede klokka 14 var rømegraut og spekemattallerken eit lett innsalg på Krossbu. Eg sette meg rimelig stappmett i bilen med nasa mot Trondheim, der eg møtte familien med fornya interesse etter ei himmelsk jotunhelg!

Startzeitpunkt 29.07.2019 09:57
(UTC+01:00 SZ)
Endzeitpunkt 29.07.2019 14:11
(UTC+01:00 SZ)
Gesamtzeit 4h 13min
Zeit in Bewegung 3h 42min
Pausenzeit 0h 31min
Gesamtschnitt 3,1km/h
Bewegungsschnitt 3,6km/h
Entfernung 13,3km
Höhenmeter 1.163m

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.