Tyven tyven (02.06.2019)


Tourcharakter Klettern
Karte
Besuche anderer PBE Tjuvspranget klatring (350m) 02.06.2019
Klatring!
Klatring!

Sidan Andreas er i siste innspurt på doktorgrada, har det naturlig nok blitt ein del timar med vandring i myr og kratt i Bymarka - slik det gjerne blir når noko viktig men litt kjedelig, må/bør/kan gjerast. Her har han til alt overmål gått seg på ei klippe som kunne huse nokon kileruter av kort men spennande art. Han gjekk raskt den finaste linja, ei 6+ med finfin klatring og sikring av det litt delikate slaget, og kalla den Tyven tyven.

Her er ein kar som ikkje har gløymt handtverket!
Her er ein kar som ikkje har gløymt handtverket!

Slikt kan ein ikkje la gå ubemerka forbi her ein sit i sitt sjølvvalgte reproduktive eksil. Så innimellom forkjølelse, søknadsskriving etc etc etc klara vi og rydde av litt tid ein kveld så eg skulle få meg eit forsøk. Eg hadde tjuvtrent litt med cloggen ein kveld før, så etter ein liten oppvarmingsrunde på topptau sende eg saken. Etterpå tok Andreas seg ein tur opp også, for å sjekke om den framleis var like fin - og det var den.

Andreas i komfortsona. Dette har han gjort før.
Andreas i komfortsona. Dette har han gjort før.

Etter dette vart det sendetog på den mystiske steinen, og ruta har blitt gått både på blikk og med tausolo. I tillegg har det blitt etablert 2,5 nye ruter til høgre for Tyven tyven. Og det er plass til i alle fall to linjer til venstre. Så her snakkar ein stor-crag!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.