Raudfjellet (26.03.2019)


Tourcharakter Tourenskilauf
Höhenmeter 782m
GPS
Besteigungen Raudfjellet (952m) 26.03.2019 13:32
Besuche anderer PBE Langvassvegen sommerparkering (461m) 26.03.2019 13:32

Kåna avspaserte, så då opna det seg ein turdag for pappapermaren. Gitt litt mange mikroorganismar innabords i det siste, samt eit lavtrykk på veg på ettermiddagen, så var det ingen grunn til å legge ambisiøse planar. Eg tenkte å ta turen til Nerskogen - der har eg knapt vore før, og plukke ein lett tilgjengelig topp eller to før snøværet kom.

Men, eg kom aldri til Nerskogen. Eg tok av for tidlig, og før eg visste ordet av det var eg i Rindalen. Det var jo ei slags meining i dette - då eg skulle til Rindalen og Jøldalshytta for nokon år sidan enda eg opp på Nerskogen. Ringen er slutta.

Vel, eg kunne ikkje kaste vekk verdifult opphaldsvær, så eg køyrde inn på Langvatnet og tok sikte på Raudfjellet. Rindhatten såg også svært forlokkande ut herifrå, men det var litt i lengste laget for ein småforkjøla skrott med avgrensa værvindauge.

Eg tok fjellskia fatt, og fulgte vegen innover til sommarparkeringa, før eg passerte Langvatnet på vestsida. Dette var nok ikkje beste rutevalet ettersom det også var nokon elvekryssingar som kan vere kinkige lenger utpå våren. Men, kanskje vart eg trekt litt i retning majesteten i dalenden. Vel, den var framleis langt unna, og eg kjende at kroppen ikkje var klar for stortur, så eg trakk oppover Rindåsen mot Raudfjellet. Her var det nokon prektige hytter, og eg mistenkte at all denne stasen ikkje hadde vorte frakta opp i sekk, så då eg såg at det var stikka nedover forstod eg at eg hadde gått ein litt tungvint veg.

Dagens mål
Dagens mål
Fin varde, og kasse full av snø.
Fin varde, og kasse full av snø.

Etter Rindåsen kom eg inn på sommarløypa til Raudfjellet, og eg fulgte denne vidare oppover. Eg sette frå meg skia på 800 meter, og vidare fulgte eg svært godt merka trasé til toppen. No byrja det og tetne til, så det var ikkje så mykje og stå her etter.

Nedatt same veg, og då eg kom til hyttene var det køyrt opp scooter-spor, så då var det straakaste veg tilbake til parkeringa. Tilbaketuren trur eg er likaste vegen på ski opp Raudfjellet.

Alt i alt ein grei luftetur i litt blanda vær. Rindhatten sparar eg til ein skikkelig finværsdag.

Dagens turgåar
Dagens turgåar
Dagens turgåar har kome seg ned i småskogen, og her får han seg litt mat. Dette er like før han ruslar intetanande like forbi toppunktet på Rindhaugen (pf 70).
Dagens turgåar har kome seg ned i småskogen, og her får han seg litt mat. Dette er like før han ruslar intetanande like forbi toppunktet på Rindhaugen (pf 70).
Startzeitpunkt 26.03.2019 10:01
(UTC+01:00)
Endzeitpunkt 26.03.2019 13:24
(UTC+01:00)
Gesamtzeit 3h 22min
Zeit in Bewegung 3h 00min
Pausenzeit 0h 22min
Gesamtschnitt 4,1km/h
Bewegungsschnitt 4,6km/h
Entfernung 13,9km
Höhenmeter 781m

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.