Buldring på Trolla - med ettertanke (30.04.2017)


Tourcharakter Bouldern
Karte
Besuche anderer PBE Trolla Klatring (50m) 30.04.2017
Relativt ufarlig ekstremsportaktivitet.
Relativt ufarlig ekstremsportaktivitet.

Det vårast, og eg har ikkje buldra særlig ute på fleire år. Sjølv om det er lettvint så kan man ikkje basere seg på å tafse plastikk heile tida heller. Ut må man for å bli sterk på stein. I Trondheims umiddelige nærleik er det ikkje flust med buldring. Trolla er eit lite unntak, men det beste med Trolla-buldringa er at den er lett tilgjengelig, for å seie det slik.

Likevel, prosjektet er kanskje det finaste bulderet i området, nemlig Overtråkksbulderet (7B). Det høyrest kanskje avskrekkande ut, og eg har difor ikkje planar om å toppe ut så lenge eg driv og rotar rundt i skogen aleine. Man kan jo nemlig ramle av ting, og er ein aleine og utan skikkelig sikring så kan det jo bli trasig.

Ja, nettopp. Slike tankar gjekk gjennom hovudet mitt i dag. Rett før eg sette meg i bilen kom meldinga av den legendariske alpinisten Ueli Steck vart funnen død under Nuptse ved Mount Everest.

Sidan eg byrja å følge med på alpinisme (altså skikkelig alpinisme, ikkje sånn slalom og slikt) har eg fulgt med på Ueli Steck. Han har vore grensesprengande, fantastisk imponerande, og vist kva ein menneskelig kropp kan gjere. Men då eg såg han live i Boston i 2015 framstod han som ein ganske vanlig kar som rett og slett elskar å vere ute i fjellet - som var meir komfortabel der enn mellom folk.

Like lenge har eg vorte sjokkert over dødstala i toppalpinisme. Det er nok ein aktivitet i grenseland mellom liv og død - det verkar mest som utøvarane er tiltrekt av nett det å legge alt på bordet. Inkludert sitt eige liv.

Steve House si bok Beyond the Mountain gir ei svært sterk og velskrive beskriving av psykologien i ekstremalpinisme. Skal eg samanlikne denne boka med noko anna så må det vere Nietzche eller Kierkegaard, grunna intensiteten og den psykologiske djupna den loddar. Verdt å lese sjølv for den som ikkje går på fjellet.

Samstundes er det ingen ved sine fulle 5 som faktisk har ei dødsdrift (men så er det ikkje sikkert alle er ved sine fulle 5 heller). Heller er det kanskje tanken om å utfordre skjebnen og kome unna med det. Eller ein tanke om at ein sjølv gjer riktig der andre feilar?

For tida høyrer eg boka "Tenke, fort og langsomt" av Daniel Kahneman. Mellom mykje anna så nevner han grensene for vår kunnskap. Han beskriv eit miljø av aksjehandlerar som jobbar med å forutsjå kva aksjer som går opp og ned, og som forvaltar fond etter dette. Dei er høgt utdanna, høgt lønna og med lang fartstid i gamet. Dei har høgt truverde som forvaltarar av fond i milliardklassen, og skal sørge for at verdiane går rette vegen. Problemet er berre dette: plukkar ein aksjar tilfeldig, utan vurdering, så gjer ein det like bra som aksjehandlarane. Faktisk litt bedre!

Dette var vanskelig for aksjehandlerane og forstå. Dei hadde jo grundig kjennskap til både ulike firma, aksjemarknaden, sosiale og politiske trendar osv. Heilt sant, dette kunne dei veldig godt. Problemet var som følger: alle desse faktorane er så samansette og kompliserte at ein ikkje kan forutsjå korleis dei vil utvikle seg. Ingen av desse forutsåg finanskrisa i 2008. Den var ikkje mogleg å forutsjå.

Parallellen slo meg med det same: ein ser ikkje kvar grensa mellom det ein har og ikkje har moglegheit til å forutsjå, går. Enklare årsakssamanhengar kan ein vurdere. Ofte gjer ein det utan å tenke. Blir årsakssamanhengane meir kompliserte, utan at ein legg merke til det, så trur ein at ein gjer ei vurdering. Eg passerte den flanken utan at det gikk skred fordi eg vurderte snøkvaliteten. Eg kom tilbake til bilen i skodda utan kart og kompass fordi eg vurderte terrenget. Eg klatra den isen og kom meg heilskinna nedatt fordi eg vurderte omfang og forhold.

Men kanskje har vi somme tider berre hatt flaks.

Difor har ein sjølvsagt ofte backup system: tau, kompass, sikringar etc etc. Men ein kjem likevel ikkje unna at ein må ta sine vurderinger i fjellet.

Det er ikkje uvanlig at erfarne fjellfolk er mellom dei som mister livet i fjellet. Eg lurer på om ein overvurderer denne evna til å ta vurderingar. Ein har bygd seg opp erfaring, men ein ser ikkje linja mellom der det går bra grunna vurderinga, og der det går bra fordi ein har hatt flaks.

Fjellguden har kastet sin lasso rundt mitt hjerte, men eg skal i alle fall sikre meg, så han ikkje nappar meg av fjellet. Kvil i fred Ueli.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Tragisk

    Geschrieben von SturlaS 01.05.2017 21:51

    Han var en av de aller største alpinister.

    • -
      avatar

      Sv: Tragisk

      Geschrieben von kobbenes 01.05.2017 22:00

      ein av dei virkelig store

  • -
    avatar

    Kein Titel

    Geschrieben von ligroenb 30.04.2017 22:24

    Kloke ettertanker !

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.