Julejogg til Mosvatnet (24.12.2016)


Startpunkt Årekinna (105m)
Endpunkt Årekinna (105m)
Tourlänge 1h 18min
Entfernung 10,1km
Höhenmeter 412m
GPS

Jogg på julafta for å springe litt av seg før ribba.

Sprang rett opp stien bak huset, forbi min barndoms skog og klatrefelt, før eg kom inn på Mørdarbakken. Her kom det ei kraftig haglbyge inn frå havet, og denne gav meg god fart innover mot Lisjevatnet. Tyngre herifrå på litt snø opp bakkane til Mosvatnet. 40 min opp hit på den nye grusvegen.

Eg kjenner eg er litt delt i synet på all denne vegutbygginga i fjellet - på den eine sida er det relativt store naturinngrep. På den andre sida er desse grusvegane veldig mykje brukt, og dei er anlagde over vassledningane som går gjennom terrenget her.

Eg venta litt bak hytta ved Mosvatnet med eit håp om ein tur på Storebroren. Det klarna opp, men det var såpass mykje snø og vind at eg sløyfa både det og ein svipptur oppom Mosvarden. Det var utfordrande nok og jogge heim i kuling midt imot.

Friskt oppover mot Storebroren
Friskt oppover mot Storebroren
Tilbake mot Lisjevatnet, med øyane i Hærøy i bakgrunnen
Tilbake mot Lisjevatnet, med øyane i Hærøy i bakgrunnen
Startzeitpunkt 24.12.2016 11:11
(UTC+01:00)
Endzeitpunkt 24.12.2016 12:30
(UTC+01:00)
Gesamtzeit 1h 18min
Zeit in Bewegung 1h 13min
Pausenzeit 0h 4min
Gesamtschnitt 7,8km/h
Bewegungsschnitt 8,3km/h
Entfernung 10,1km
Höhenmeter 411m

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.