Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Stølstur til Nærøyfjorden

Datum:
30.04.2016
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Med ei laber vermelding for høgfjellet i Jotunheimen satsa me på stølstur til selet vårt på Kinnarbakken ved Nærøyfjorden, innlemma i UNESCO si verdsarvliste. Her har eg vore budeiejente heile oppveksten og det er den staden som ligg mitt hjarte nærast. Det største problemet med lokasjonen er skredfaren. Det går årleg stor-skred mellom Brekkenipa og Larsfonnberget med utløpssone som går tvers over heile dalsøkket og Brekkeelva. Eg hadde begge ungane med; minstemann i pulk, Eva på 5 måtte sjølv gå på ski dei 7 km frå Stalheim. Veret vart eventyrleg og føret hardt og godt. Store skavlar på vegen ut men hard og vindpakka snø var det berre å gje seg i veg.

Karte