Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Tverrbottindar - solotur i full fart

Datum:
03.08.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:00h
Entfernung:
10,2km

Køyrte opp til Leirdalen og etablerte camp like før Geitsætre - god og fin mobildekning som vanleg der. Tok ein rask tur opp til Leirvassbu for å helsa på kjende som skulle på Visbretinden dagen etter. Eg ynskte å ta alle Tverrbottindar, muligens også Tverrbytthorntindane. Været var overraskande bra med lite og låge tåkeskyer. Starta ved 1327 og det gjekk ganske raskt oppover til Leirløyfte. Kryssa 2 snøfonner utan problem og valde ei direkte rute rett opp mot Vest for Tverrbottinden V1 (2110 moh) og ikkje til skaret mellom Store og Vest. Oppe på fyrste topp under 1,5 time og vidare ned ca 30 høgdemeter og fann greit ruta opp til Tverrbottinden V1 (2113 moh). Koste meg litt her og kunne skimta folk på Midtre som mest sannsynleg gjekk motsatt retning. Fort nedover igjen og opp >>>

Karte    

Galdebergtinden

Datum:
04.10.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
7:30h
Entfernung:
20,2km

Turen starta frå Eidsbugarden i relativt fint ver, toppen var iallefall synleg. Fint og lettgått terreng opp til bru over Høystakkane og vidare oppover til sørsida av Uksedalshø. Frå Uksedalen hadde vi endå god sikt og kunne skimte to karar på veg oppover fjellryggen nærmare Bygdin. Vi tok sikte på nordvestryggen. På ca 1700 kom tåka svært raskt og det vart litt ugjestmildt i det brattaste partiet. Is, snø og klyving oppover. Traff også eit turfylgje med tre jenter på veg ned. Etterkvart vart det heilt kvitt så GPS vart brukt opp mot toppen. Det var i grunn berre å returnera og vi valde å gå lenger mot sørvest der ein finn enkelte vardar. Vi såg også spora til gutta boys som hadde snudd og gått ned før toppen. Så fann vi den lengste snørenna og rutsja i kanonfart nedetter. >>>

Karte    

Utladalen og Friken

Datum:
18.09.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
40,5km

En rask tur med sykkel til Vetti, før oppstigninga til Vettismorki og vidare til Fleskedalen i strålande haustver. Sol, 18 grader og vindstille. Jaktlaget låg og sov ved stølane i Fleskedalen. Her var det felt to hjortar, ei elgkolle og kalv i løpet av morgontimane. Turen gjekk raskt vidare til like under Friken og nedover til Skogadalsbøen før mørket kom. Artig nok var det røyk i pipa og godt selskap frå ein uforskamma sprek tindemann. 74 år og stadig på jakt etter nye ruter! Eit raskt bad i Skogadøla og middagen vart ein fest med Lapskaus. Tidleg start med raske steg mot Friken. Nydeleg å sjå tidlegare bestigningar frå denne kanten. Friken er verken høg eller krevjande samanlikna med nabotoppane men likevel verdt eit besøk.

Karte    

Mykkeltveitveten

Datum:
13.09.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:30h
Entfernung:
11,5km

Flott topp- og treningstur til Mykkeltveitveten i 20 grader og sol i midten av september. Start frå Hagen, via Hagenstølen, litt vidare til den gamle løa som er delvis demontert og deretter rett til topps. Noko sti og dyretråkk elles lettgått terreng. Turen gjekk vidare via Kyrabotn, til stølane på Selset og Flaga- og Svangastølen før retur til Hagen igjen. Her er det berre å venta på vinteren og ta skia fatt for ein glimrande topptur.

Karte