Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Rondvassbu - september 2004 (Storronden 2138 moh)

Datum:
04.09.2004

Rondvassbu, september 2004 Eg og JanH hadde ei fin helg på Rondvassbu. Vi hadde ikkje flaks med været, men vi fekk flotte turar, sjøl om skodda vart tjukk på laurdag. Fredag 3. september Vi reiste frå kvar vår kant av landet og møttest på Otta. Vi sykla frå Spranget og inn til Rondvassbu. Overnattiing på sovesal. JanH var prinsessen på erten, mens eg sleit litt ... Laurdag 4. september God frukost! Vinjeronden 2044 moh, og vidare til Rondslottet 2171 moh. Ein del skodde, men vi hadde utsikt i austlig retning frå slottet. Seinare tjukna det til. Då vi gjekk opp på Storronden 2138 moh, såg vi null... Fin tur likevel! God middag og godt øl på Rondvassbu :) Søndag 5. september JanH sette kursen heim etter frukost. Eg gjekk opp på Veslesmeden 2015 moh. Flott tur! Skodda letta mens eg stod >>>

Karte    

Rondvassbu - september 2004 (Rondslottet 2171 moh)

Datum:
04.09.2004

Kommunetopp - Rondslottet 2171 moh - Foldal, Hedemark Rondvassbu, september 2004 Eg og JanH hadde ei fin helg på Rondvassbu. Vi hadde ikkje flaks med været, men vi fekk flotte turar, sjøl om skodda vart tjukk på laurdag. Fredag 3. september Vi reiste frå kvar vår kant av landet og møttest på Otta. Vi sykla frå Spranget og inn til Rondvassbu. Overnattiing på sovesal. JanH var prinsessen på erten, mens eg sleit litt ... Laurdag 4. september God frukost! Vinjeronden 2044 moh, og vidare til Rondslottet 2171 moh. Ein del skodde, men vi hadde utsikt i austlig retning frå slottet. Seinare tjukna det til. Då vi gjekk opp på Storronden 2138 moh, såg vi null... Fin tur likevel! God middag og godt øl på Rondvassbu :) Søndag 5. september JanH sette kursen heim etter frukost. Eg gjekk opp på Veslesmeden >>>

Karte    

Lønahorgi 1410 moh

Datum:
24.06.2004

Ekstremsportveko på Voss

Karte    

Paragliding frå Hangur 818 moh

Datum:
22.06.2004

Ekstremsportveko på Voss Beskrivelse

Karte    

Nibberittet: Geiranger - Dalsnibba 1476 moh

Datum:
12.06.2004
Tourlänge:
2:01h
Entfernung:
20,7km

Nibberittet 0-1500. Turritt frå Geiranger til Dalsnibba 1476moh. Vi reiste til Valldal natt til fredag. Kom fram klokka 5 om morgonen. Vi køyrde Trollstigen mutters aleine. Litt skodde og trollsk stemning. Fekk sove nokre timar utover dagen, og stod opp til nydelig vær!! Soling og avslapping ved vogna. Nydelig torskemiddag til kvelds på Fjellro. Laurdag var dagen. Nok ein flott dag. Passe temperatur. Var ganske nervøs før start. Angra og grudde meg. Såg opp mot dei høge fjella rundt. Opp dit!! .. Vel, det gjekk veldig bra. Eg hengde meg på nokon frå Stranda Sykkelklubb. Ei jente og tre kara. Karane måtte sleppe ein etter ein. Vi tok igjen ein del på veg opp til Djupvasshytta. Det var ingen som tok oss igjen etter Flydalsjuvet, så det var tydelig at då hadde alle funne sitt tempo. >>>

Karte    

Kommunetopp - Drammen (Buskerud): Annevannshøgda 557 moh

Datum:
29.05.2004
Tourlänge:
2:17h
Entfernung:
18,4km
Karte    

Kommunetopp - Nedre Eiker (Buskerud): Trettekollen 607moh

Datum:
26.05.2004
Tourlänge:
4:35h
Entfernung:
54,9km

Trettekollen (607moh) - Nedre Eiker, Buskerud Trettekollen 607moh - høgaste punktet i Nedre Eiker. Eg sykla til Eikesætra og Solvang, vidare mot Glitre og fylgde bilvegen inn til vatnet før Trettekollen. Der måtte eg setje frå meg sykkelen, og traska vidare til fots. Brukte som vanlig litt tid på å finne fram. Her på austlandet er det sjeldant at toppane stikk opp og "seier her er eg"... Ein må leite i skogen, og til slutt fann eg fram. På vegen møtte eg ein elg. Majestetisk skapning! Det var heilt stille, berre fuglesang og tiurleik var å høyre so langt inne i marka. Eg brukte vel omlag 1.5 time på denne rundturen til fots. Sjølve toppunktet er eit lite berg som stikk nokre meter over skogbotnen. Mens toppen røyser seg faktisk ein del eit par hundrede meter over landskapet >>>

Karte    

Kommunetopp - Kongsberg (Buskerud): Jonsknuten 904moh

Datum:
23.05.2004
Tourlänge:
3:27h
Entfernung:
36,2km

Jonsknuten (904moh) - Kongsberg, Buskerud Jonsknuten 904moh - høgaste punktet i Kongsberg. Etter å ha olja plattingar heile denne fine dagen, måtte eg avreagere litt.. So eg bestemte meg for å reise til Kongsberg for å sykle, og gå opp til Jonsknuten. I dag var det strålande sol frå skyfri himmel, og temperaturen hadde heva seg eit par hakk, so det var godt å kunne sykle i shorts igjen. Som vanlig rota eg ei stund for å finne fram. Etter det eg kunne sjå frå kartet, skulle det gå ein veg frå Kongsberg sentrum, gjennom skisenteret, og vidare heilt opp til Knutehytta. Det gjekk greit opp til Hovet og vidare til skisenteret, men vidare derifrå kom eg meg ikkje. Eg prøvde eit par vegar utan å lukkast, so til slutt gjekk eg rett opp skibakken. Rekna med å treffe på vegen lenger >>>

Karte    

Fylkestopp - Oslo: Kjerkeberget 631moh

Datum:
22.05.2004
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
35,5km

Kjerkeberget 629moh, det høgaste punktet i Oslo. Tre "toppar", tre fylkje, tre dagar.... Med dette er muligens dei minst spektakulære fylkestoppane nådd. Slavasshøgda i Østfold skal eg ta viss eg nokon gong går tom for turmål. Sannsynlegvis aldri.. Dagen i dag var kald. Iskald nordavind. Det starta med overskya vær om morgonen og under ti grader. Etter kvart sprakk skydekket og sola lyste opp mellom skyene. Eg starta sykkelturen på Bogstad, for å få litt bakketrening sykla eg opp til Tryvannstua og vidare til Ullevålsæter. Der var det nok med bakkar, ja. Og det var skikkelig slitsom grusvei med "rullegrus". Frå Ullevollsæter sykla eg langs Skjærssjøen i retning Kikut og forbi Bjørnsjøen, rundt Store Sandungen og til Sandungen gård. Heile tida sleit eg >>>

Karte    

Fylkestopp - Hurdal, Akershus: Fjellsjøkampen 812 moh

Datum:
21.05.2004
Tourlänge:
1:00h
Entfernung:
6,5km

Fjellsjøkampen 812 moh i Hurdal kommune - høgaste punktet i Akershus fylke. Nok ein kombinert sykkeltur og fottur. I dag ein relativt kort tur. Brukte akkurat ein time til toppen: ein halv time på sykkel, pluss ein halv time å gå opp til toppen. Parkerte bilen der Gjødningsveien starta, og sykla opp til Gjødningssætra der stien til toppen startar. Stien går i skogen heile vegen til topps. Utsikta er nesten lik null, men der står eit gammalt falleferdig tårn på toppen som akkurat stikk opp over trea. Eg tok sjansen og klatra opp, der var utsikta vid over lave, skogkledde austlandsåsar. Litt kjedelig for ein vestlending... Her hadde det gjort seg med skikkelig flathogst, eller nokre kraftige skogbrannar... Men det var ein fin tur. Sol i dag også, men det var kjølig i lufta og iskald >>>

Karte