Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Andere Tour (1)
- Fahrradtour (2)
-
Skitour (2)
- Langlauf (1)
- Tourenskilauf (1)
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
StikkUt Herøy og Sande
- Datum:
- 18.07.2025
StikkUt runde i Herøy og Sande då skodda la seg andre stadar i distriktet
Herøy gard & Fyrlykta på Hidsneset
Rørsethornet
- Datum:
- 15.07.2025
- Entfernung:
- 5,2km
For ein flott dag. Ulrik, Gunn og eg på tur til fine Midsund. Flotte turmål å velge mellom der, men ville prøve alle trappetrinna opp til Rørsethornet. Eit imponerande stykke arbeid og ein vill ide som vart gjennomført om å legge sherpatrapp opp hit. Må prøvast, kjennast godt i lår og leggar når ein er ferdig der.
Gyrinakken
- Datum:
- 14.07.2025
GC og eg på kveldstur til Gyrinakken frå gokartbana. Heimatt via bommen i lysløypa
Vi vart utsatt for gjentatte, feige bakholdsangrep frå horder av blødtørstige, fandenivoldske og jæklige kleggar. Gunn må nok sutte på zyrtec dei neste dagane.
Rjåhornet
- Datum:
- 09.07.2025
- Entfernung:
- 6,2km
Gunn og eg på tur til Rjåhornet med start i frå Djupvika. Har ikkje gått herifrå før. Fin sti, mykje på berg og lettgått til siste lange motbakken til toppen. Den er ganske dryg.
Nedatt via Bakkehornet og Bakkehammaren.
