Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Kleppeåsen og Brendeåsen

Datum:
10.08.2019

Brendeåsen og Heida

Datum:
10.08.2019

Brendeåsen

Datum:
07.08.2019

Brendeåsen og Heida

Datum:
06.08.2019

Fin kveldsrunde med Gunn C. Spesielt lys og fine fargar i kveld. 1.Utsikt mot Rovde med Velsvikskåla og Skåratinden 2.Utsikt mot Leikong 3. Liadalsnipa zooma inn gjennom Kleppefurene

Karte    

Storsteinsfjell

Datum:
03.08.2019
Entfernung:
6,1km

Ei kjempefin runde i spennande terreng til Storsteinsfjell. Først på fin sti opp gjennom skogen. Lettgått slik det gjekk fint både for store og små i sommarvarmen. Frå varden på Storsteinsfjell vidare på svaberg til Utsikten som levde opp til namnet sitt. Vid utsikt over den flotte Lierdalen og heilt inn til Oslo og i syd mot Drammen. På returen leita vi opp Himmelsenga, som er ein hellar i fjellsida nedanfor. Eit variert og spennande landskap å gå denne vegen heimatt. Eit par bratte passasjer ved Svarttjerna, noko som bidro til å auke motivasjonen for dei yngste på ofte kjedelege heimfartar. Med på tur : Lisbeth, Siri, OleJ, Ulrik, Herman, Ørjan og Gunn C

Karte    

Furuåsen og Hovdehytta-Asker

Datum:
31.07.2019
Entfernung:
4,7km

Start frå Solli gård. Runde i skogen og til Hovdehytta. Toppen Furuåsen, ein bortgøymd knaus inne i skogen, var ikkje lett å oppdage. Må vel ha ei sær interesse for å gå av stien for å finne den toppen der. Fin utsikt frå Hovdehytta og spennande retur ned skogen til vegen igjen. Med på tur: Lisbeth, Siri,Ole J,Ulrik, Herman og Gunn C. Fin og lettgått runde.

Karte    

Brannfjell

Datum:
31.07.2019

Svippom på Norway cup med Ole J.

Karte    

Nordbykollen-Drammen

Datum:
30.07.2019
Entfernung:
2,6km

Kveldstur i Drammen saman med Ole J. Fin runde med utsikt mot Drammen frå toppen, og mot Drammensfjorden frå eit utkikspunkt på sørsida.

Karte    

Laupsnipa

Datum:
24.07.2019
Entfernung:
9,6km

Flott tur til Laupsnipa i dag.Heilt vindstille på toppen. Oppgang frå Voldneset. Bratt og flott, dette er absolutt ei favorittrute. Med på tur i fineveret var GunnC

Karte    

Blåhornet-Eidsdal

Datum:
22.07.2019
Entfernung:
5,2km

Fin familietur i lettgått terreng med fantastiske omgjevnader.

Karte