Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Kaupangsholtane

Datum:
21.06.2025
Entfernung:
3,9km

Kaupangsholtane er ein furukledd åsrygg med fine og gode stiar og skogvegar. Gunn og eg gjekk ei runde her under årets Lerum cup. Feira 17års bryllupsdag med cookiekjeks på Kronprins Haralds Plass med kongelig utsikt til Sognefjorden.

Karte    

Sollia

Datum:
07.06.2025
Entfernung:
8,2km

Gunn og eg på kveldstur til Gurskøyas høgste punkt, Sollia. Gjekk i frå p-plass Moltudalen. Fin og still kveld. Vindstille på toppen kl 22.40

Karte    

Oseberget

Datum:
06.06.2025
Entfernung:
4,8km

Fin runde på fantastiske Oseberget og så vidare til Nibben. NM i turvegar her i Ulsteinvik…Pittoresk og reinslig- men ein klok fantast hadde også merka dei gamle råsene i Osebergområdet. Traff på Gurskøy IL si tidlegare keeperkjempe Egil Rødskar, så vi fekk tid til å mimre litt om Golden Days for nokre kilo sidan

Karte    

Bakkehammaren og Hillehornet

Datum:
03.06.2025

Kjekk runde dette. Syns det er så fint parti å kome nedover mot Hillesteinen. En av favorittane det. Med på tur var Gunski. Happy day Fin temp, bles litt og lita regnbyge på vegen. Solgløtt også. Rakk å knipse før den var vekk like fort som ho kom

Gyrinakken og Brendeåsen

Datum:
01.06.2025

Frå go-kartbana og heimatt, gjennom lysløypa og over Brendeåsen. Med på tur og fremst i løypa var Gunn Cisilie

Storetua

Datum:
18.05.2025
Entfernung:
6,4km

Flott runde i frå Holtane saman med turbuddy Gunn C Fint ver

Karte    

Skåla

Datum:
12.05.2025
Entfernung:
3,4km
Karte    

Storehanen

Datum:
10.05.2025
Entfernung:
4,3km

Ei runde som vi ikkje har gått før. Start ved p-plass Moltudalen, fulgte stien Blåfjellenstien, forbi StikkUt posten. Etterkvart bratt opp til Storehanen. Vindstille på toppen. Tilbake over Varden på Storehanen og til topp merka Blåfjellet. Fulgte stien nedatt forbi den alltid fasinerande kjempesteinen Kleivatrollet.

Karte    

Brendeåsen

Datum:
06.05.2025

Brendistur

Brendeåsen

Datum:
04.05.2025

Med Gunn C StikkUt-sesongen er begynt, lysløypa er med