Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Fillingen

Datum:
21.08.2022
Entfernung:
1,1km

Morgontur. Fin plass ut mot havet, tragisk å sjå bort mot vindmøllene på Haramsøya.

Karte    

Haramsneset

Datum:
21.08.2022

Artig fjøretur til Haramsneset på Haramsøya. Dei mange steinformasjonane i fjøra, ja reinaste kunstverka, gjorde dette til ei spennande fjørevandring. Fann "Kyrkja hans Bård" som er absolutt verdt eit kirkebesøk! Med på tur: Ulrik https://xn--lepsy-yua.info/bard-i-nesa/

Goaldet

Datum:
20.08.2022
Entfernung:
5,7km

Klassetur til Lepsøya og rakk ein tur til Goaldet saman med John Arne og Are. Storslått utsikt frå toppen. Vidare runde ned til Stikk Ut post på Øvste råsa. Rønnestadhellaren var nær, men den får vi ta ein annan gong.

Karte    

Røddalshornet og Grøthornet

Datum:
14.08.2022
Entfernung:
6,2km

Fin og varm tur til Røddalshornet og vidare til Grøthornet, som nok er ein lite besøkt topp. Det er berre ein rask avstikkar bort dit frå den vanlege ruta Røddalshornet-Storetua. I alle fall ein kjekk og lettgått rygg bort med fin utsikt mot Gursken og øyane utanfor samt Stad. Det finst 20 ulike Grøthornet-toppar på ytre Sunnmøre og dette var min sjuande Grøthorntopp. Med på tur var Gunn Cisilie.

Karte    

Røyrafjellet

Datum:
13.08.2022

Røyrafjellet har vel den tørraste stien til topps på øyane her ute og det trengst no for tida. Med på kveldstur var Ulrik og Gunn C.

Brendeåsen

Datum:
10.08.2022

Brendeåsen

Datum:
09.08.2022

Heida

Datum:
08.08.2022

Vasshornet

Datum:
07.08.2022

Trimtur Gurskøy IL og Stikk Ut. I dag starta vi frå Almestad i Gursken. Vasshornet levde opp til namnet sitt i regnbygene med våt, gjørmete og tidvis glatt sti. Ikkje så rart så mykje nedbør som det har kome i det siste. Med på tur var Gunn Cisilie.

Brendeåsen

Datum:
06.08.2022