Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Gyrinakken

Datum:
15.02.2026
Tourlänge:
2:17h
Entfernung:
6,0km

Gjekk via lysløypa opp Dyrskaret til Gyrinakken. Stort sett fint å gå, litt isete innimellom og i bratta opp til Gyri. Hadde på broddane der. Fin runde via Brendåsen nedatt.

Karte    

Nautøya

Datum:
14.02.2026
Tourlänge:
0:33h
Entfernung:
1,0km

Bushing på Nautøya i høg mose & lyng, ikkje så glade i tur i utmarka dei innfødte her ute for her er nada & niks av stiar som vi såg. Hadde tenkt oss litt lenger, men heldt på å mørkne ute.

Karte    

Storehornet, Litlehornet og Nupatinden

Datum:
07.02.2026
Tourlänge:
2:49h
Entfernung:
8,5km

Fin vinterdagstur med Gunn og Ørjan ifrå Drageskaret. Fint å gå, lite is i stien. Har ikkje gått til Nupatinden sidan seint på 90talet, så det var på høg tid med eit besøk. Følte My legs were gone på veg oppatt til Storehornet på returen- Ørjan berre susa i frå med 20kg sekk på ryggen. Han må ha litt motstand når han går på tur med gamlisane.

Karte    

Brendeåsen

Datum:
19.01.2026

Runda i skogen m GunnC

Brendeåsen

Datum:
17.01.2026

Runda i skogen med GC

Brendeåsen

Datum:
12.01.2026

Kveldstur: isbrodda & hovudlykt, frisk tur runda i skogen i kveld. Med Gunn C

Brendeåsen

Datum:
11.01.2026

Runda i skogen med GunnC, fint vinterver med litt snø og frosen bakke.

Stanley Park

Datum:
28.12.2025
Entfernung:
3,5km

Tur i nabolaget, gatelangs i Anfield Road. Stilige murials av både gamle og noverande heltar. Inn i Stanley Park, der Bill Shankley lufta bikkja som gjorde sitt fornødne bort med bana til Everton. Det gjorde ikkje vi, men gjekk rundt Goodison Park. Mange heftige nabooppgjer og tippekampar derifrå oppigjennom. Ærverdige Stanley Park, som truleg såg betre ut før i tida med sine dammer og bruer, svaner og ender samt Nøtteliten som også var på luftetur. Ingen PB-Element av Anfield, så om ei barmhjertige sjel kunne ha lagt til Anfield, så hadde kartet sett mykje betre ut.

Karte    

Brendeåsen

Datum:
02.11.2025

Store Nausen

Datum:
08.10.2025
Entfernung:
1,9km

Med start frå p-plass ved kirka i Gursken, så gjekk eg mot det som eg trudde var ein utanfor allfarvegtopp. Følgte eit gamalt tråkk av ein sti, som sårt hadde trengt meir trakk, men nokre gamle merkepinnar viste veg til Store Nausen eller Tua (på kartet)Det synte seg å vere ein fin nærtopp med god utsikt over fjorden utover Haugsbygda. Retur på god opptrakka sti ned gjennom Eventyrskogen. Vert glad i sjela over slike kreative og engasjerte folk som har laga til denne "verda" her. Vel verdt eit besøk for den yngre garde. NB

Karte