Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Igesundvarden

Datum:
29.09.2022

StikkUt tur med Gunn C medan Ulrik var i bursdag på badeland. Artig landskap frå vatnet og mot Igesundvarden. Like fasinerande kvar gong eg er. Mørkna nesten ute på heimattveg.

Heida på Frøystadskaret

Datum:
27.09.2022
Entfernung:
2,0km

I serien Utanfor allfarveg-heldigvis....so var turen idag komen til Heida på Frøystadskaret. Det er vel berre sauene og eg som har tatt turen hit den seinare tid. Artig steinformasjon på tur tilbake nedatt mot vassverket ved Svartevatnet.

Karte    

Ulsteinfjella

Datum:
18.09.2022
Entfernung:
7,5km

Stikk ut tur til Nibben, regnversdag- fulgte turvegen til Nibben. Fin utsiktsplass der. Vidare våt sti oppover og over ei myr til oppgang Skeidshornet. Kom innpå ny turveg opp til Skarpeidet og ny Stikk ut post ved Breifjellet. Litt rart, men her er ein del av ulsteinutmark eg aldri har vore på før. Kjekk, men fortsatt våt rygg nedatt via Høgskjerva, Lågskjervene og Årkinna. Gode utsiktsplassar.

Karte    

Håbakknotten

Datum:
11.09.2022
Entfernung:
2,2km

Stikk Ut-tur saman med Gunn. Kjekk og god sti i motbakken opp frå Hovlid. Utsikta over Storfjorden var veldig bra. Kan anbefale en tur hit.

Karte    

Kvitneset

Datum:
11.09.2022
Entfernung:
1,6km

Kvitneset er verdt eit besøk. Ein historisk plass med storhavet tett på. Det har vore mykje dramatikk på denne staden, men idag var det fredelig både med natur og folk.

Karte    

Veten og Knottahornet United

Datum:
04.09.2022
Entfernung:
7,2km

Flott tur frå Drageskaret. Lettgått innover og ein fryd å gå i fineveret. Var innom mange småtoppar på heimattveg, og trur det må ryddast litt i namnebruken på både på kartet og her i Pb. Føler på ein måte at alt på denne ryggen heiter Knottahornet på ein eller annan måte....Toppen som heiter Knottahornet i følgje skiltinga, er her i Pb registrert berre som Pb-element. Knottahornet 415 moh må vel vere feilaktig avmerka på kartet....? Ein av toppane som vi var på heiter Svedjehornet, men den ikkje registrert her i Pb. Det burde den kanskje vore sidan den er skilta av idrettslaget. Med på det som var ein feiandes flott knottahorntour var verdensbeste turfølgje Gunn Cisilie

Karte    

Storehanen og Rysseviktua

Datum:
02.09.2022
Entfernung:
8,0km

Fjelltur med Einedalen skule. Sprekinga både høgt og lavt, nokre var til Mørkevatnet, andre til Storehanen og nokre heilt til Rysseviktua og tilbake igjen for å rekke bussen. Ein fin dag på fjellet.

Karte