Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Andere Tour (1)
- Fahrradtour (2)
-
Skitour (2)
- Langlauf (1)
- Tourenskilauf (1)
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Moltusteinen
- Datum:
- 16.07.2018
Med på tur: GunnC
Vi gjekk opp frå kyrkjegarden på Moltu. Artig, liten tur. Rakk til og med småklyving på nokre knauser på stien opp. Der var det til og med lagt ut kjetting.
Fin utsikt mot Flåvær og Skorpa
Tusentrinnstrappa
- Datum:
- 14.07.2018
Spennande og litt slitsom tur for alle 5 i familien. Vi kom oss opp dei mange trappene og følgde sti vidare til toppen av stigninga. Denne var litt småbratt, men her er lagt ut tau som støtte. Ingen problem for minstemann på 6. Oppe på bandet kan ein enkelt gå vidare til m.a. Nipa og Gorgehornet. Det får bli ein anna gong. Vi gjekk nedatt og talde trappetrinn. Meinte vi kom til 1000 ja . Artig tur.
Vasstrandsfjellet Ålesund
- Datum:
- 04.07.2018
Fjellveg og sti til Langevatnet. Vidare opp til Vasstrandsfjellet og Vasstrandsegga. Høgaste punktet i Ålesund ligg ved ein steingard på stien opp rett før Vasstrandsegga. Fin tur og vid rundskue på toppen.
Bilde 1: Vasstrandsegga
Bilde 2: Høgaste punkt i Ålesund kommune
Bilde 3: Frå Gråsteinsegga og tilbake mot Vasstrandsegga.
Hoven
- Datum:
- 03.07.2018
Familietur med gondolbana.
Om en zoomer inn på bilde nr2, so kan ein sjå ein kar som tok raskeste veg nedatt....
Vi tok gondolen.