Den gamle stova i Laupen (19.04.2020)


Tourlänge 2h 53min
Entfernung 2,4km
Höhenmeter 35m
GPS

Corona-tur 2020
Vi går til stadar der ingen skulle tru at nokon kunne bu....
Det vart ein strabsiøs tur frå Voldneset til øydegarden i Laupen.
Vi følgde råsa nedanfor siste huset i enden. Råsa er delvis synleg, men etterkvart kom fire skogsparti med særs tett sikagran. Det var berre ynsgtemann på 8 som klarte å åle seg lavt nok til å passere. Resten i følgjet sleit med å ta oss fram. Ein kan likevel følgje stien innover. På slutten prøvde vi å gå rundt eitt av skogspartia,men det var ikkje særleg betre det heller p.g.a einekave og storstein.
Vi kom oss fram til slutt. Den gamle hytta, som står den endå eldre garden låg, var ganske så forfalle. Nokre digre beist av grantre hadde ramla ned på kryss og tvers og det eine treet hadde sneia bygninga og på ein mirakuløs måte unngått å knuse det som stod att. Vi turde så vidt å gå inn og såg 4 senger med halm oppi.
Returen gjekk via fjøra, og var ei kjekk løysing fri for stikkete grantre og spennande hopping parkour frå stein til stein. Den yngre garden satte nok størst pris på det.
Uansett ein spennande tur!
Legg ved det som eg har funne av historie kring garden og folket der, fasinerande lesnad.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.