Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fußtour (1)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Gottrøysa, Brurahornet og Veten, Vågsøy, 613 moh
- Datum:
- 01.04.2024
Blanda ver, varierande utsikt, men fin tur med Elin. Tippar at vi har Veten som tur med gålaget neste år? Vi gjekk på Gottrøysa først. På kartet og Peakbookkartet står det Gottrøysa, men på skiltet stod det Brurahornet. Vi gjekk vidare på det som på karta heiter Brurahornet. På skiltet står der Brurahornet Vest. Vi følgde merkinga nedover i tåka, og opp att på andre sida, på Veten. Då letta det litt, så vi hadde utsikt på turen ned att der.
Øvresetstøylen, Gloppen
- Datum:
- 28.03.2024
Labbetur, berre på Øvresetstøylen denne dagen, Med mamsa og tante Sissel. Sol og fint ver, endå ein dag.
Støyvastøylen, Glopen, 840 moh
- Datum:
- 27.03.2024
Ny labbetur til Støyvastøylen. Denne gongen med mamsa og tante Sissel. Herleg påske!
Snøfjellet, Gloppen, 1006 moh
- Datum:
- 26.03.2024
Skitur på Utviken. Eg gjekk på ski, mamsa til fots. Vigjekk runda ut til Varden, så heldt eg fram opp på Snøfjellet. Eg valde smale ski, med småfellar. Ikkje heilt vant med desse skia, så eg hadde eit skikkeleg fall ned første bakken... Tilbaketuren gjekk runda ned forbi Øvresetstøylen. Endå ein flott påskedag!
Støyvastøylen, Glopen, 840 moh
- Datum:
- 25.03.2024
Labbetur med mamsa (ikkje ski..). Vi gjekk
trakkemaskinsporet, både innover og ut att. Fint påskever!
Løkjaåsen, Eid
- Datum:
- 20.03.2024
Årets første tur med Stad gålag. Litt snøbyger, men deltakarane var ved godt mot, likevel! 9 stk, var med på turen, som gjekk i lett terreng, på sti (og ltt på grusveg). Vi hadde ein rundtur, der vi starta på parkeringa ovanfor Haugen skule, opp vegen til enden av byggefeltet og utover mot Løkja. Der runda vi stien innover att, med delvis utsikt mot fjorden.
Askevika, Ålfoten/Bremanger,
- Datum:
- 17.03.2024
Rekognisering for gålagstur, med Elin. Bra merka og fin sti, lett og tørt terreng og opphaldsver. Mange snakka om at dei hadde vore der, med båt. Kult landskap undervegs, med bratte stup.
Rystestøylen, Vågsøy, 355 moh
- Datum:
- 10.03.2024
Siste tur med leiing på turleiarkurset. Denne gongen på andre sida i høve Børahornet, Raudeberg. Turen starta ovanfor Kapellneset. Tydeleg og god sti, fin stigning, her og. Denne dagen vart eg utfordra av ein av deltakarane på å "fake" ein skade, så då lata eg som om eg snubla og skada ankelen... Heldigvis ikkje ekte. Endå ein fin dag. Eit innhaldsrikt og kjekt kurs - er no offisiell nærturleiar.