Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Tarvaldsegga, Selje, 645 moh

Datum:
08.08.2024

Gålagstur i ytre. Turen starta frå Sandvikseidet, i øsepøsande regn og litt vind. Etter kvart gav regnet seg, men med meir vind, så då tørka vi opp.. Fint ver resten. Sherpatrappene oppe i ura var nesten klare (bra oppe i ura), så det var kjekt å få med seg. Nedatt gjekk vi sti ned til Selje sentrum, via dagsturhytta Sjøglytt. Frå trappene og ned mot den opparbeida stien ovanfor dagsturhytta var det mykje gjørmete sti.. Men der dei hadde forbetra stien var det bra nedover. Tretrapper periodevis ned frå dagsturhytta.

Karte    

Sundssætra, Stryn, 415 moh

Datum:
01.08.2024

Kort tur, med fin sti, opp til Sundssætra i Oldedalen med Mariann. Bra utsikt. Etter turen var vi på Yrineset og legde kajakk. Heilt blikkstille på vatnet - herleg!

Jardalen rundt, Gloppen, 1425 moh

Datum:
29.07.2024

Eg og Elin gjekk Jardalen rundt, frå Mardalstøylen til Søreidestøylen. Første topp var Svartekari, deretter Tverrfjellet. Så gjekk vi over skaret og opp på Storevarden. Nedst her var der tau, til hjelp. Vi trudde det skulle vere ekkelt å gå opp her, men det var heilt uproblematisk. På Tverrfjellet såg vi to reinsdyrflokkar - kjekt syn! Frå Storevarden var det nedover og opp på Daurmålsnibba, eit av T-turmåla for Gloppen. Pga. T-tur, var vi deretter nedom Vardevatnet, før vi gjekk tilbake på stien, ned til Søreidestøylen. Lang, men fin tur! Veret var bra, litt vind. Vi gjekk totalt 22,27 km.

Karte    

Vora, Gloppen, 1435 moh

Datum:
24.07.2024

Var turleiar for MNT på Vora i Gloppen/Byrkjelo. 12stk. med på turen, + 6 stk. som gjekk i førevegen og remerka løypa. Lang tur, med ca. 1300 høgdemeter. Perfekt turver, så vi fekk sjå utover bygda frå toppen. Vi var ikkje bortom høgste punktet denne gongen..

Karte    

Støyvastøylen, Glopen, 840 moh

Datum:
15.07.2024

På tur med mamsa og tante Sissel. Opp trappene, ned att "kjeringråsa".

Karte    

Drakefjellet, Eid, 799 moh

Datum:
09.07.2024

Eg og Elin skulle sjekke ut om vi kunne gå på Raudgrøtegga, via Drakefjellet, frå Heggja. I følge turboka var der fin sti opp til Drakefjellet. Vi fann enkelt kor vi skulle setje bilen, skiltet og stien var der og. Men då vi kom eit stykke oppover, miste vi hovudstien fleire stader. Vi gjekk då tilbake, klatra/klyvde litt her og der, og kom opp til slutt. Då stoppa vi der, uten å gå på Raudgrøtegga.. På veg ned att hadde vi stistarten, og fint driv nedover ryggen (ved sidan av den vi gjekk opp, Åsen). Der og kom vi utav, og saksa oss bortover/nedover blåbærlyngen (gode bær!). Kom til slutt inn på stien att. Konklusjon: vi tar ikkje med turfølge der... Men fin trimtur.

Karte    

Toubkal Refuge - Jebel Toubkal, 4167 moh

Datum:
30.06.2024

Marokkotur dag 5: Frukost (nattmat!) klokka 03.00. Så på med hovudlyktene og vandring i roleg tempo oppover fjellsida. Vi såg grupper av lys over og under oss på stien. Det vart etter kvart lysare, så vi kunne sjå meir og meir av fjella rundt. Frå passet (Tizi n'Toubka, ca. 4000 mohl) såg vi på andre sida av fjella, visstnok mot Saharaørkenen. Her byrja eg å merke mangel på energi, så resten av høgdemetrane gjekk det seint... På toppen bles det ein del, så her var det på med ekstra klede og sjølvsagt photo session. Vi såg m.a. ned att til Imlil. Vi brukte ca.3,5 time opp til toppen, 3 timar ned att. Same veg ned att til Base camp, der vi heiv av oss litt klede og hadde lunsj, før vi gjekk heile vegen tilbake til Imlil. Bruspause ved heilagdomen. Totalt gjekk vi denne dagen >>>

Karte    

Imlil - Toubkal Refuge, ca. 3200 moh

Datum:
29.06.2024

Marokkotur dag 4: Vi forlot landsbyen Imlil, for å gå siste etappe før toppturen. Vi gjekk oppover på god sti, gradvis opp høgdemeter. På vegen var vi innom pass-sjekk og ein pilgrimsstad: Sidi Chamharouch, der muslimar kom for å be og legge frå seg stein ved den den kvite, heilage steinen der. Vi hadde juice- og bruspause der, før vi tråla oss oppover svingane til lunsjpausa, på Dou'tidmirit. Siste delen opp til Base camp gjekk vi på slakk stigning oppover til ca.3200 - Toubkal Refuge base camp. Totalt ca.1450 høgdemeter. På Toubkal refuge hadde vi overnatting på sovesal. I utgangspunktet greit, med 13 stk på 24-mannsrom. Problemet var nokre som lata att vindauga... Vi hadde lite nok luft i utgangspunktet, så det vart minimalt med søvn... Opp midt på natta, for å nå toppen.

Karte    

Tamguist - Imlil, Marokko, ca. 2300 moh

Datum:
28.06.2024

Marokkotur dag 3: Vi byrja denne dagen med å gå gjennom utkanten av landsbyen Tamguist, ned og over elva og opp sti på andre sida, deretter på veg oppover til passet (Tizi n'Tamatert), ca. 2300 moh. Der kjøpte vi brus, hadde ei lita pause, før sti nedover mot Imlil. På vegen hadde vi lunsjpause i skyggen av eit tre. I Imlil hadde vi resten av dagen til å sjå oss rundt og til å slappe av ved bassengkanten... Etter ei stund ko eine guiden, Mustafa, og sa at han måtte forlate oss, grunna familiære årsaker. Så då var det Hassan som skulle guide oss vidare åleine.

Agadir - Tamguist, Marokko, ca. 2950 moh

Datum:
27.06.2024

Marokkotur dag 2: Dagen byrja med tåke, som forsvann nedover etter kvart, så vi fekk sett landskapet skikkeleg! Stien byrja rett oppover, til eit nytt pass (Tizi n' Oukaïmeden) ca.2700 moh. Så nedover til skianlegget (!), Nord-Afrikas høgste og største skianlegg Okaïmeden. Der var det og eit observatorium av stjerner etc. Vidare på sti, deretter grusveg, opp til nytt pass (Tizi n'ou Addi) ca. 2950 moh, der vi hadde lunsjpause. Det vart litt langt før matpause, men vel verdt strevet! Etter ei lang pause, vart det ganske bratt på sti nedover fjellsida, til landsbyen Tamguist, der vi overnatta.