Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Vestre Grønlidkollen, Stad, 569 moh

Datum:
13.09.2023

Tur med Stad gålag. 15 stk var med på turen. Vi gjekk frå Nave og opp til Movatnet, Derifrå følgde vi stien vidare opp ryggen, til Vestre Grønlidkollen. Fin utsikt utover fjorden, ved varden der. Dette vart siste turen med gålaget denne sesongen.

Karte    

Skårasalen, Ørsta, 1542 moh

Datum:
09.09.2023

Fellestur MNT til Skårasalen, Ørsta. Vi vart berre 5 stk. (4 av dei påmelde kom ikkje, og gav heller ikkje beskjed om at dei ikkje kom...) Strålande fint og varmt ver, berre ein del vind på toppen, men det var fønvind. Vi gjekk ein rundtur, med rett opp og den "vanlege" ruta ned att, som går mot kanten (utsikt mot Urke) ned att. 1000 høgdemeter stigning. Vi hadde nok hatt ein noko lettare oppstigning, om vi hadde gått normalruta begge vegar, men det gjekk no greit den ruta vi valde og.

Karte    

Haugsvarden, Gloppen, 862 moh

Datum:
06.09.2023

Onsdagstur med Stad gålag. 13 stk tok turen til Gløppen og Haugsvarden. Vi gjekk ein rundtur, med start nedanfor Tystadstylen. Vi var først innom Skorstøylen, før vi tok stien inn til Almsstøylen og vidare opp til Haugsvarden. Nedatt gjekk vi om Tystadstøylen. Fin og lett rundtur i strålande kveldssol :)

Karte