Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Storeggja, Stad, 968moh

Datum:
30.08.2023

18 stk. var med gålaget på tur, i idyllisk kveldssol. Vi gjekk opp stien frå parkeringa på Furehogane, så vidare stien opp på Storeggja. Dette er og ein av Eid sine T-turar i år. Ned att gjekk vi ei runde bak og rundt Storeggvatnet og over og rundt Tjønndalsvatnet. Retur ned same stien langs skiløypa/Furehogane. Flott rundtur!

Karte    

Skipenes - Dalssætra- Ossætra, Stad 512 moh

Datum:
23.08.2023

Ny tur med Stad gålag. Regn, tåke, mykje vatn og elvar... Men fin tur vart det, likevel. Vi parkerte ved idrettshuset, og gjekk opp mot Skipenessætra. Vi gjekk sti bort/opp til Dalssætra. Den stien hadde ingen av oss gått før. Det regna berre ei lita stund, og tåka heldt seg over oss. Vi kom oss over elvane og traska av garde i våte sko... På Dalssætra gjekk vi inn i oppvarma sel, med kaffiservering! Etter litt klesskift, var vi klare til tilbaketuren, som gjekk ned til Ossætra, ned og over brua og sti ned til skogsvegen mot Taklo og til slutt ned på vegen på Åshamar. 6 stk. på tur, pluss dei 3 på Dalssætra.

Karte    

Hanekamben - Skolmen, Stad, 652 moh

Datum:
20.08.2023

Eg og Elin var på rekogniseringsrunde for moglege turar for gålaget neste år. Vi gjekk frå Almenningsfjellet og opp på Hankamben. Merka sti, litt utydeleg i starten. På toppen fekk vi tåke, så vi såg ikkje allverda... Vi oppdaga at der var ein topp ikkje så veldig langt vekke: Skolmen, der der og var merka sti bort. Vi bestemte oss difor for å gå dit. Stien bort dit gjekk heilt ute på kanten! Sidan tåka letta, hadde vi fin utsikt her! Tilbake såg vi eit skilt merka skytebane (det var der vi kom i frå), så då følgde vi merka dit. Då vi var nesten tilbake, gjekk stien/merka oppover, over tunnelen og langs ein gammal veg på andre sida, tilbake til der vi parkerte. Turen vart dermed ganske lang: 14km... Men flott, likevel!

Karte    

Furehornet, Stad, 432 moh

Datum:
16.08.2023

Stad gålag på tur i ytre. Vi parkerte på parkeringa rett før svingane ned mot Hoddevikja. Her var det merka sti til Furehornet. På toppen såg vi rett ned til Indre Fure. 13 stk. var med. Ok ver og kort og lett tur. Noko tåkeyr på slutten, men det la ingen dempar på stemninga..

Karte    

Støyvastøylen, Gloppen, 840 moh

Datum:
11.08.2023

Formiddagstur på Støyvastøylen, med mamsa og tante Sissel. Fint ver.

Karte    

Mørkevatnet - Blåfjellet, Volda, ca. 600 moh

Datum:
01.08.2023

Vi parkerte ved vegen (Stigedalsvegen, rett forbi Stigedalsvatnet) og følgde merka sti opp til Mørkevatnet. Stien gjekk ganske rett opp, særleg i starten, men kort tur til Mørkevatnet. Så gjekk vi sti vidare til Blåfjell, der det var fantastisk utsikt ned i Bjørkedalen, mot Keipen. Fint ver hadde vi og. Eg og Elin ville gå opp turen, før vi skal ha den med gålaget seinare i haust.. Avslutta med bad i Hornindalsvatnet. Då byrja det å regne..