Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fußtour (1)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Lavesteinen - Gjegnabu, Gloppen, 1254 moh
- Datum:
- 24.07.2023
T-tur 2023, til Lavesteinen, med Mariann. Litt usikre meldingar angåande veret, men vi starta tidleg, i solskin. Vi parkerte på Hope parkering, 4-hjustrekk på bilen :) Der gjekk vi på skogsveg oppover ei stund, derette sti opp til Lavesteinen. Sidan eg berre hadde vore der ein gong før (over 20 år sidan) og ho ikkje, bestemte vi oss for å gå vidare til Gjegnabu. Ruta var tydeleg merka, og berga var ikkje glatte. Vi hadde nistepause på Gjegnabu, før vi returnerte. Då var det byrja å regne litt, men ikkje så mykje. Det byrja etterkvart å tordne, men heldigvis eit stykke unna. Frå Lavesteinen og ned, derimot, då regna det skikkeleg... Stien var bratt og gjørmete, så vi var glad då vi endeleg var nede ved bilen, våte som kråker og skitne... Men angra ikkje på turen :)
Årdalst.-Bøvassbu-Seime/Rådast.-Årdalst., Gloppen 1229moh
- Datum:
- 08.07.2023
Eg og mamsa gjekk rundtur på Bøafjellet, for å gå opp ruta igjen før turlagstur. (No vart det ingen turlagstur veka etter pga veret, men vi fekk no turen!) Vi parkerte ved Årdalsstøylen og gjekk stien opp til varden og vidare over Blåfjell. Vi gjekk ikkje over høgaste punktet, då ho ikkje ville, og eg ville ha brukt litt lang tid..). Vi gjekk ned til Bøvassbu og langs "kanten" mot Breimsbygda ned og rundt til Seime-Råd-Bøastøylen. Så var det vidare på sti bort og ned til Årdalstøylen igjen. Herleg ver!
Ossætra-Dalssætra, Stad, 422 moh
- Datum:
- 06.07.2023
Tur med Åsta og Anne Jorunn. Vi gjekk frå Osvika, bort skogsvegen, opp skogsvegen mot Taklosætra, deretter opp stien og over brua og opp til Ossætra. Vi gjekk vidare til Dalssætra (T-tur 2023). Tilbaketur ned den vanlege stien frå Ossætra til Osvikja. Fin tur.