Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Lynghaughornet- Håkonshallen, Stad,

Datum:
24.05.2023

Stad gålag, 4 stk, på tur på Flatraket. Vi starta frå parkeringa ved byggefeltet og opp sti til Lynghaughornet (Lyngahornet/Mehaugen). Det var fint ver då vi starta, så regn, hagl og vind, så vart det fint att... Godt merka sti opp og vidare ned/bort/opp til Håkonshallen, ein ruin frå krigens dagar, som liknar på Håkonsheallen i Bergen... Nedatt gjekk vi på sti ned ein dal (langs Storehaugen), til vi kom ned på vegen som går innover Flatraksdalen. Vi gjekk på vegen ned att til parkeringa. Fin tur med svært varierande ver!

Karte    

Flistrahornet, Stad, 637 moh

Datum:
18.05.2023

Eg og Elin hadde oss ei ny runde for å sjekke ut tur til gålaget. Då vi kom til Flistra (Øyra), såg vi fort at denne turen ville bli for lang som gålagstur (kveldstur), men vi gjekk sjølvsagt turen. Det bles kraftig på toppen, så vi droppa å gå ned på utsiktspunktet, men snudde ved varden på høgaste punktet... På veg ned att, sklei Elin, så ho trakka over. Heldigvis hadde eg med stavar, så ho kom seg greitt ned att. Men foten var ikkje god ei tid framover etterpå... Vi køyrde litt rundt i området før turen, og kom fram til kvar vi skulle ta gålagsturen veka etterpå: Lynghaughornet.

Karte    

Eurekavatnet, Vanylven, 550 moh

Datum:
03.05.2023

22 stk på tur med Stad gålag, denne gongen i nabofylket, til Eurekavatnet. Vi gjekk på skogsveg frå Olivinfeltet på Grofsa opp til Helgehornsvatnet og langsmed vatnet til naturvernreservatet. Sidan vi hadde med oss biolog på turen, fekk vi forklaring og namn på ein del bergartar. Nokre stader glitra det vakkert i berget! Vi forsette på andre sida av vatnet, til Eurekavatnet, eit lite vatn mellom Huldrehamrane. Litt snø på turen, men ingen problem med berre sko. Fleire av oss plukka med oss småsteinar frå det lille feltet like ved parkeringa (ikkje naturvernfeltet!)

Karte