Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Ytre - Indre - Øvre Åsane - Ytrehennestøylen, Stad 490 moh

Datum:
27.04.2022

Stad gålag på fellestur, med 15 damer denne gongen. Noko varierande ver, med bra start, deretter småsnøing, meir snø og litt regn på slutten. Likevel blide damer på tur :)

Karte    

Sollihornet, Litledalshornet, Hjellesætra, Stad 687 moh

Datum:
24.04.2022

T-tur med Elin, på truger. Vi køyrde opp mot Stigedalen, og parkerte på skogsvegen litt ovanfor brua. Der var merka og ok å gå. Litt av og på med truger, men etter kvart berre snø. Nydeleg dag, og to nye toppar: Sollihornet og Litledalshornet. Vi gjekk ein rundtur, der vi kom ned på Hjellesætra og vidare ned langs elva, tilbake til skogsvegen.

Karte    

Indre- Øvre Åsane - Hennane, Stad 490 moh

Datum:
23.04.2022

Rekogniseringstur for Stad gålag, med Elin. Vi gjekk frå riksvegen og opp til Indre Åsane, for å få litt variasjon. Fin og brei sti opp, min første gong opp der. Noko uklar sti mellom Øvre Åsane og der vi skulle gå oppover til Ytrehennestøylen, men der var nokre diskre merker her og der, og kombinert med GPS var det ingen problem. Vi kom ned til ein naturmøteplass i Hennebygda, og gjekk vidare sti ned til bilen (som vi hadde sett inn før vi for..)

Karte    

Indre-Ytre Fure, Stad ca. 40 moh

Datum:
20.04.2022

Fellestur med nyoppretta Stad gålag. 38 stk. starta, 32 gjekk ut. Skikkeleg fint, med varme og kveldssol :)

Hafsåsvarden, Stad

Datum:
18.04.2022

Randotur på Hafsåsvarden/Hjelmelandsvarden med Anne Tove. Vi gjekk opp og ned via Hjelmelandssætra. Pga. snømengda måtte vi gå frå vegen ved Rusta (Remmedalen). Nydeleg sol denne dagen og, men det blæs bra på toppen. T-tur Eid 2022.

Karte    

Støyvastøylen, Gloppen 840 moh

Datum:
16.04.2022

Ny fottur med mamsa, denne gongen på andre sida av vegen, til Støyvastøylen. Noko meir vind denne dagen, men vi fann litt ly bak hytta til tante..

Karte    

Varden, Gloppen 869 moh

Datum:
15.04.2022

Gjekk rundturen til fots denne gongen, med mamsa, Sissel og Torill F. Var nedom Øvresetstøylen og kosa oss i det fine veret.

Karte    

Svartebotnen, Gloppen, 1000 moh

Datum:
14.04.2022

Skitur i Svartebotnen med mamsa og Jakob Kvile. Noko vekslande føre, frå veldig bra, til småklabbing og bakglatt... Men fin tur, likevel, i strålande påskesol :)

Karte    

Åsebø, Høgåsen, Skarhaugen, Gloppen 264 moh

Datum:
13.04.2022

T-tur Gloppen. Vi gjekk frå Åsebø til gapahuken. Tilbake gjekk vi ei runde over Høgåsen og Skarhaugen og tilbake til Åsebø. Lett og fin tur med mamsa og tante Sissel.

Varden, Gloppen 869 moh

Datum:
12.04.2022

Skitur på Varden med mamsa. Vi gjekk opp forbi Feldestøylen (Felljastøylen) og runda tilbake forbi Holestøylen.

Karte