Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fußtour (1)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Dalsbøen, Gloppen, 335 moh
- Datum:
- 27.06.2022
Ny T-tur på Sørstranda med mamsa, no i Traudalen. Vi gjekk på sti langs Traudalsvatnet og inn til Dalsbøen.
Høgehaugen, Gloppen, 728 moh
- Datum:
- 25.06.2022
T-tur med mamsa, denne gongen på Sørstranda. Vi starta turen frå Sandstøylen. Turen opp var no merka, og det var tydeleg, om enn noko våt, sti..
Støyvastøylen, Instevarden, Gloppen, 1057 moh
- Datum:
- 24.06.2022
T-tur med mamsa: Støyvastøylen og Instevarden på Skavleggane. Fint ver, og litt vandring på snø, så eg vart litt solbrend på ryggen..
Lidasætra, Lidavarden, Eid, 849 moh
- Datum:
- 15.06.2022
Tur med Stad gålag. Heilt greitt turver, men kald vind på toppen. Vi gjekk frå stadion og opp vegen i Lidene. Berre 6 stk med på tur denne dagen. Det vart litt langt på slutten nedover for meg, pga. foten, som ikkje var heilt bra att enno. (Kanskje og pga. at eg, uvitande, hadde fått Corona..)
Kyststien, Haugesund
- Datum:
- 11.06.2022
Vi gjekk deler av kyststien, til Haraldstatuen. Fint tilrettelagd sti langd kysten.
Vibrandsøy, Haugesund
- Datum:
- 10.06.2022
DNT landsmøte. Vi hadde tur til Vibrandsøy, der vi gjekk ei runde på fin sti. Sogn og Fjordane-delegasjonen gjekk i lag.
Skjolden, Selje, 545 moh
- Datum:
- 26.05.2022
Stad gålag på dagstur til Barmenøya. 20 stk på tur i dag. Svært vekslande ver, med vind, regn, litt hagl, opplett og sol... Vi hadde med to kjentfolk som guide: Svein Barmen og Hanne Marie Utvær. Først køyrde vi bilane ned til Fjellet, der vi skulle kome ned. Vi gjekk frå parkeringa ved Skjolden og rett opp bakkane. Frå toppen gjekk vi via Røysethornet og Branden, ned til Fjellet. Eg hadde ankelstøtte og stavar, som gjekk stort sett bra, men det var utfordrande opp nokre litt lange klyv og ned tuete bakkar... Fleire var einige om at vi må attende hit ein dag med meir sol, så vi får sett meir av utsikta!
Lundavarden, Eid, 736 moh
- Datum:
- 18.05.2022
Ny onsdagstur med Stad Gålag, denne gongen med sol :) 23 stk vart med. Vi gjekk først opp til Orheimsbotnen og stien opp der, gjennom Heidagarden. Det bles litt ved varden, så vi gjekk litt ned i lia før kaffipausen. Vidare gjekk vi ned til Legene og vidare til Rødsætra og Røssdemninga. Skikkeleg idyll ved vatnet/demninga!. Turen vart noko verre for meg på veg ned til Legene, då eg trakka over. Der var ei elv rett ved, så den stod eg i nokre minutt, før eg fann ein kjepp som støtte... Nede ved Legene fekk eg låne eit par stavar, som hjelpte med ein del. Første gong på mine 50 år at eg har tråkka over, ikkje brote bein, heller, heldigvis...
Vindfyllekollen, Eid, 710 moh
- Datum:
- 11.05.2022
Stad Gålag på onsdagstur i vekslande ver.. Ganske så vått, men ingen sure miner! Gjekk frå Ramnefjell, opp til Vassdalen og utover. Fann stien opp, i tåka.. Synd turfølget ikkje fekk sett utsikta frå toppen.
Trivselsskogen - Nova, Gloppen, ca. 390 moh
- Datum:
- 08.05.2022
Eg og mamsa ville ha med oss ein T-tur, der det var bert... Vi gjekk opp trappene til Holvikefossen, litt ned att og opp ein sti, som førte nesten ut til Utsikten. Så kryssa vi vegen og opp og utover sti til Nova. Kjempeutsikt! Sti nokre meter ned til Utsikten, og vidare ned forbi Draumekvila, Kjærleiksstien og det nylaga Tufte..