Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Hornet, Eid, 719 moh

Datum:
22.04.2019

Vi gjekk køyrde opp skogsvegen på Sørland, og gjekk opp og ned derifrå. Mange på tur pga det fine veret. Med Anne Tove.

Karte    

Furuhogane - Ljøsuregga, Eid, 1205 moh

Datum:
19.04.2019

Skitur i strålande sol, med Line, Lars Einar og Evy. Vi tok trekket opp (siste dagen det var ope) og tok ruta inn forbi Kjenndalshytta, opp skaret og vidare opp på Ljøsuregga. Fint føre, både å gå oppover og å kunne "plogesvinge" seg ned att :) Avslutta turen med ein kjapp after ski i sola på Harpen...

Karte    

Støyvastøylen, Breim, 840 moh

Datum:
18.04.2019

Rakk ein kort tur på beina denne dagen og - til Støyvastøylen med mamsa.

Karte    

Støyvastøylen, Breim, 840 moh

Datum:
17.04.2019

Hadde tenkt til å gå same ruta som måndag, sidan Line hadde lyst dit, men på grunn av kald vind gjekk vi berre på støylen...

Karte    

Høygardane - Dunheia, Breim, 1165 moh

Datum:
16.04.2019

Randotur med mamsa og Sonja. Vi parkerte rett nedanfor Hetlestøylen og bar skia eit lite stykke, til vi kom opp i skogen ovanfor støylen. Vi følgde den merka stien eit stykke. Greitt å gå på ski, og det gjekk og fint å kombinere med at mamsa gjekk til fots.. Herleg nedattrenning i passe mjuk snø :)

Karte    

Støyvastøylen - Instevarden, Skavleggane, Breim, 1057 moh

Datum:
15.04.2019

Nok ein påsketur på beina med mamsa, denne gongen på andre sida av vegen. Vi parkerte i grustaket og gjek opp "sommarruta" til Støyvastøylen. Vidare gjekk vi opp på sørsida av Skavleggane og opp på høgste punktet og ned til Instevarden. Ned att til støylen gjekk vi til venstre for Tvillingevardane og følgde reinsdyrspora ned snøen på skrå der.

Karte    

Flølostøylen/Øvresetstøylen, Breim

Datum:
14.04.2019

Labbetur til Flølostøylen med mamsa, i delvis laus snø... Litte snø på Utviken, men ein del på vegen..

Karte    

Fossane, Eid, 630 moh

Datum:
13.04.2019

Ettermiddagstur på Fossane med Anne Tove. Årets første tur opp hit, for min del... Kunne gå nesten tørrskodd heile vegen.

Karte    

Steinamannen - Vindfyllekollen, Eid, 733 moh

Datum:
12.04.2019

Kveldstur med Inger Janne - opp med tang og bok, T-tur Eid 2019. Herleg å vere ute slike kveldar, og ypperleg start på påska! Vi parkerte på plassen under Erviknobba og følgde merka sti til støylane. Så gjekk vi rett opp bakken til Steinamannen. Litt snø opp der. Vidare gjekk vi ned, bortover og opp til Vindfyllekollen, der IJ fekk fin utsikt til Davik. Tilbake gjekk vi ned langs ryggen, på sida av Steinamannen, tilbake til støylane, og følgde same ruta tilbake til bilen.

Karte    

Melnyken - Blåfjell - Stallbrekka, Vågsøy, 470 moh

Datum:
05.04.2019
Entfernung:
4,3km

Vi hadde ein dag fri før styremøte på Kråkenes fyr, SFT. Den dagen vart nytta i strålande sol og vindstille på Kvalheim, til å få med seg nokre toppar dar. Vi gjekk frå vegen ved Ongelsvatnet, opp til Melnyken og over og rundt ryggen ned til Kvalheim: Blåfjellet, Stallbrekka og ned. Tilbake tul bilen måtte vi gå eit stykke på vegen... Med Siv Merete.

Karte