Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fußtour (1)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Hornet Eid, 719 moh
- Datum:
- 31.03.2018
Eg og Inger Janne tok beina fatt og gjekk frå Hamneset til Hornet. Litt småtrasig at skogsvegen gjekk nesten heilt fram til Hamnessætra, men... Kjekt med broddar og faste spor, så det var ingen problem å gå.
Støyvastøylen, Breim, 840 moh
- Datum:
- 30.03.2018
Fottur på Støyvastøylen med mamsa. Gjekk fint å gå uten ski, sidan løypa var fast pga kulden.. Mykje folk på veg i Botnen i dag og!
Svartebotnen, Gloppen, 1021 moh
- Datum:
- 29.03.2018
Ny skitur: med mamsa og Elin Ly. Vi gjekk frå Svoda (Utvikfjellet) og opp løypa til Støyvastøylen. Det var trakkemaskinspor heilt i Botnen og herleg påskestemning! Fekk gnagsår, sjølv med gnagsårsokk, så neste dag blir uten skisko...
Blånibba, Gloppen, 1067 moh
- Datum:
- 28.03.2018
Skitur med mamsa. Vi gjekk løypa opp til Varden og tok deretter den øvre delen av Rypeskarløypa ut i Fagredalen og utover og rundt til Blånibba. Vi hadde eigentleg tenkt å gå innover opp baksida på Dunheia, men ombestemte oss og rende ned på Kleivane i staden. Der var det nykøyrde løyper og nydeleg nedkøyring på ski!! Ikkje så verst med ei såpss spreke mor, som nettopp har fylt 70 år :)
Trivselsskogen: Holvikfossen - Utsikten, Gloppen
- Datum:
- 27.03.2018
Gjekk rundturen opp til Trygg i naturen - området, opp sherpa- trappene til Holvikfossen, ned til Utsikten, ned sherpa- trappene der og ned via Draumekvilda og Kjærleiksskogen. Flott nærområde for turar heile året!! Med mamsa og Jeanett, som hadde bursdag.
Snøfjellet, Breim 1006 moh
- Datum:
- 26.03.2018
Skitur med mamsa. Vi gjekk løypa rett opp til Varden og vidare på Snøfjellet, tolbake via Flølostøylen. Draumeforhold på ski no og draumepåske med sol :)
Bolberg, Gloppen, 337 moh
- Datum:
- 25.03.2018
Starta på årets T-turar i Gloppen. Eg og mamsa gjekk opp/ned frå Føleide og følgde traktorveg nesten heilt opp. Gjekk fint å gå på snø, men her og greitt med broddar. Trakka litt gjennom snøen dei siste metrane bort..
Naustdalskamben, Eid, 493 moh
- Datum:
- 11.03.2018
Ettermiddagstur på Kamben med Jeanett. Vi måtte opp for å inspisere den nye dagsturhytta: flott beliggenheit og fin hytte :) Var glad eg hadde broddar på, for sporet var tidvis glatt...
Ljøsureggja, Eid, 1205 moh
- Datum:
- 04.03.2018
Randonnéetur med Anne Tove. Vi gjekk opp/ned frå Furuhogane. Litt kaldt på toppen, men elles bra å renne :)