Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Snønipa, Gloppen/Jølster, 1827 moh

Datum:
13.05.2018

Turlagstur med MNT og Vegard som turleiar. Vi var 30 stk i følge + 10-12 utanom på tur frå Stardalen i dag. Vi kunne køyre opp på høgda, men møtte på eit snøras rett før stigninga til Haugastøylen. Vi måtte difor bere skia eit stykke. På grunn av lite snø, gjekk vi heller ikkje opp på sjølve Haugabreeen, men opp til venstre. Nydeleg ver og fint å renne på rando, men noko blaudt på slutten... Det er nok ikkje lenge før snøen fer meir her...

Karte    

Skavlegga - Instevarden, Breim, 1057 moh

Datum:
10.05.2018

Tur med mamsa. Vi gjekk og ned trappene til Støyvastøylen, opp Skaveggane via Tvillingvarden til toppen og ned på Instevarden. Ned att gjekk vi rundt på framsida, slik at vi fekk skli mest mogleg på snø..

Karte    

Hovden, Selje, 111 moh

Datum:
29.04.2018

Roadtrip/sightseeing i Stad kommune. Vi stoppa i Ervika og gjekk først på Hovden, gjennom tunnelen og opp. Deretter gjekk vi på Lisje - Hovden, ved hjelp av tau som hang ned. Der må ein ha lågvatn (fjære) for å gå. Utsikt rett ut i storhavet!

Karte    

Revjehornet, Selje, 426 moh

Datum:
29.04.2018

Her gjekk vi opp frå Borgund, ytterste garden utanfor Leikanger. Godt merka sti, som svinga seg fint oppover. Fritt utsyn heile turen og på toppen hadde vi hav på 3 sider. Sightseeingtur med Anne Tove.

Karte    

Midtre Høgvagltinden, Luster, 2066 moh

Datum:
22.04.2018

Flott ver denne dagen, og eg måtte berre ha meg ein tur, sjølv om turfølget ikkje vart med pga. gnagsår... Herleg nedrenning på rando, fin utsikt i alle retningar og merka løype heilt til topps :)

Karte    

Leirvassbu mot Surtningstinden, Luster, ca 1850 moh

Datum:
21.04.2018

Peakbooktreff på Leirvassbu.Fellestur med totalt 40 stk. Målet var Surtningstinden, 1997 moh. Det blåste kraftig, så vi måtte snu, ca 5 - 600 meter før toppen... (Nokre prøvde randonneeutstyr for første gong.) Men vi hadde no ein fin tur, uansett!

Bjørnaskarnakken, Eid, 610 moh

Datum:
15.04.2018

Trugetur frå Hanshjellen til Bjørnaskarnakken. Tydeleg opptrakka spor + skispor, men noko blautt..

Karte    

Bergsetnakken, Stryn, 1133 moh

Datum:
02.04.2018

Randonnéetur frå Vangen og opp/ned Bergsetnakken med Anne Tove. Hadde eigentleg tenkt oss på Glittereggja, men sidan vegen var stengt, gadda vi ikkje å bere skia så langt, så då køyrde vi vidare i staden... Nysnø, lite lag med pudder, så det vart flott nedattrenning :)

Karte    

Hornet Eid, 719 moh

Datum:
31.03.2018

Eg og Inger Janne tok beina fatt og gjekk frå Hamneset til Hornet. Litt småtrasig at skogsvegen gjekk nesten heilt fram til Hamnessætra, men... Kjekt med broddar og faste spor, så det var ingen problem å gå.

Karte    

Støyvastøylen, Breim, 840 moh

Datum:
30.03.2018

Fottur på Støyvastøylen med mamsa. Gjekk fint å gå uten ski, sidan løypa var fast pga kulden.. Mykje folk på veg i Botnen i dag og!

Karte